Øst møter vest i løypestreng-land
Mellom Kartverket sine oppgåver med Nasjonalt Register for Luftfartshinder (NRL) er registrering av løypestrenger. Aurland kommune med over 140 løypestrenger vart vald ut til oppstart og befaring.
I statsbudsjettet for 2026 fekk Kartverket ei stor løyving til arbeid med NRL. Kraftledningar og andre luftfartshinder blir registrerte i eit system som blant anna Luftambulansen har tilgang til. Det gjer det enklare for dei å finne trygge landingsplassar når dei er ute på oppdrag. NRL-teamet i Kartverket skal hjelpe kommunane med å bidra til eit oppdatert NRL med stor samfunnsnytte.
Løypestrengjer
Blant oppgåvene til Kartverket med NRL er registrering av løypestrengjer. Ein løypestreng er ein slags taubane som ofte går i bratt terreng, og som vart mykje brukt før i tida til å sende høy, ved og andre ting frå avsidesliggjande gardar og ned til veg eller sjø. Enkelte stader kunne ein òg hale varer opp langs strengen. I dag er mange løypestrengjer nedlagde, men nokre heng framleis oppe og blir brukte blant anna til å frakte vilt ned frå jaktområde.
Løypestrengjer er ofte privat eigde
Løypestrengjene er som regel privat eigde, og det er vanskeleg å få oversikt over kor mange det er, kor dei ligg, høgda over bakken, og eigarskap.
Her trengst det lokalkunnskap, og då kjem fylkeskartkontora inn i biletet, med det gode kontaktnettet vårt i kommunane.
I fint samarbeid mellom Kartverket Innlandet, Kartverket Vestland og prosjektgruppa på hovudkontoret, vart derfor Aurland kommune vald ut til oppstart og befaring.
Grundig førearbeid av Aurland kommune
Aurland er ein bratt kommune som har hatt over 140 løypestrengjer, og det er viktig å sjekke kva for nokre som framleis finst, og få dei inn i NRL.
Det vart derfor lagt til rette for eit møte mellom kommunen og Kartverks-folk frå aust (Hamar og Hønefoss) og frå vest (Bergen).
Kommunen stilte både med leiing og lokalbakst, og ikkje minst med den engasjerte rådgivaren for kart og geodata, Snædís Laufey Bjarnadóttir. Ho hadde gjort eit svært godt førearbeid, inkudert annonsering på nettsidene til kommunen og på Facebook, og graving i gamle arkiv. Her fann dei blant anna eit flott handteikna løypestreng-kart frå 1970.
Kommunen kunne også bidra med e-postadresser til dei ulike jaktlaga i kommunen. Dei traskar mykje i terrenget og veit kvar det framleis går strenger i lufta.
Etter ein informativ presentasjon frå aust-gjengen om NRL og prosjektet, vart metodikk og vegen vidare diskutert. Kommunen var veldig på tilbodssida, og vil nok bli ein ressurs i den vidare prosessen.
Besøket vart avslutta med synfaring ved ein løypestreng. Det er ikkje vanskeleg å forstå at desse kan vere livsfårlege for helikoptertrafikk, og det er viktig å setje dei på kartet og få dei inn i NRL.
Vi vil derfor takke gjengen frå aust for at dei brukte dagen her i vest, og ønskjer dei lukke til med det viktige arbeidet.
The mail has been sent!