Siste oppdatering

Verjemål

I nokre tilfelle er det ikkje tilstrekkeleg at rettigheitshavar eller heimelshavar signerer på eit dokument som skal tinglysast. Grunnar til det kan vere at personen er mindreårig eller har fått oppnemnt verje av statsforvaltaren.

Verjemål

Dersom ein person som er under verjemål skal overføre eigedom, kjøpe eigedom, få eller slette ein rett i fast eigedom er det oftast verjen som signerer dokumenta. Det er også andre tilfelle der det er nødvendig at verjen signerer.

Korleis opprette verjemål?

Det er statsforvaltaren i det enkelte fylke som er verjemålsmyndigheit i sitt fylke. Statsforvaltaren kan opprette verjemål for vaksne på grunnlag av krav frå nær familie, lege eller personen sjølv. Verjemål vert oppretta for å hjelpe personen det gjeld, og skal ikkje vere meir omfattande enn nødvendig. Det vert samtidig oppnemnt verje for personen.

I særlege tilfelle kan det vere aktuelt å ta ifrå rettsleg handleevne. Saka vert då reist for tingretten som avgjer saka i doms form.

Les meir om oppretting av verjemål.

Kva dokumentasjon treng eg for å få tinglyst eit dokument for personen under verjemål?

Du må søkje statsforvaltaren dersom du for eksempel skal selje eigedomen til den som er under verjemål. Etter du har fått eit vedtak der statsforvaltaren godkjenner sal av eigedomen, sender du vedtaket saman med skøytet eller overføring av andel i burettslag.

I staden for at du legg ved vedtaket, kan statsforvaltaren samtykke til tinglysing direkte på dokumentet du ynskjer å tinglyse.

Når må statsforvaltaren samtykke ved tinglysing?

Ofte stilte spørsmål

Del
XPPT