Siste oppdatering

Kartverkets personvernerklæring

Personvernerklæringa forklarer korleis Kartverket behandlar personopplysningar og informasjon om brukarane våre og besøkande på nettsidene våre.

Personopplysningslova gir alle som ber om det, rett til å vite kva ein behandlingsansvarleg gjer med personopplysningar. Behandlingsansvarleg i Kartverket er kartverkssjefen eller den som har fått tildelt fullmakt frå kartverkssjefen. Hos Datatilsynet kan du lese meir om rettane dine.

Som hovudregel har du rett til å få vite kva som er registrert om deg, og du kan be om utfyllande opplysningar på nokre område:

  • Namn og adresse på behandlingsansvarleg
  • Kven som har ansvar dagleg for pliktene som behandlingsansvarleg
  • Kva slags personopplysningar som blir behandla
  • Målet med behandlinga
  • Kor opplysningane er henta
  • Kven personopplysningane eventuelt blir utlevert til
  • Kor lenge opplysningane blir lagra
  • Retten til å krevje endringar eller sletting
  • Retten til å klage til ei tilsynsstyresmakt

Når du kontaktar oss og ber om informasjon, skal den behandlingsansvarlege svare utan ugrunna opphald. Om du ønsker det, kan du be om å få svaret skriftleg. Den behandlingsansvarlege kan vise til stader der informasjonen allereie er offentleg tilgjengeleg.

Bruk av Kartverkets informasjon

Alle brukarane og samarbeidspartnarane våre er sjølv behandlingsansvarlege for informasjonen dei får frå Kartverket. Det gjeld brukarar av kartdata og eigedomsdata såvel som kommunar og Noreg digitalt-partar.

Leverandørar av tenester og system er også sjølve behandlingsansvarlege for sine system, også når dei behandlar personinformasjon mottatt frå Kartverket.

Eigedomsinformasjon

Kartverket driv dei nasjonale registra for offentleg eigedomsinformasjon, grunnboka og matrikkelen. I samband med dette behandlar Kartverket personopplysningar om alle som har eigedom, rettar i eigedom, eller er involvert i tiltak som blir registrert i matrikkelen.

Registrering, behandling og utlevering av informasjon frå og om desse registra blir regulert i tinglysingslova og matrikkellova med tilhøyrande forskrifter.

Personopplysningar som blir behandla er først og fremst namn, adresse og fødselsnummer knytta til rettar som ein person har i eigedom, eller knytta til verksemder registrert i matrikkelen. Det er ikkje mogleg å be om informasjon knytta til ein person; ein må be om informasjon knytta til ein eigedom.

Det er heilt nødvendig å bruke fødselsnummer for å sikre at vi registrerer rett person. Fødselsnummer blir behandla etter paragraf 12 i personopplysningslova. Eit fødselsnummer er ikkje legitimasjon og kan ikkje brukast til å hente ut informasjon frå Kartverkets eigedomsregister når legitimasjon krevst. Då krevst det elektronisk ID eller gyldige ID-dokument.

Kommunikasjon med Kartverket

Hovudregelen i offentleglova er at saksdokument, journalar og liknande register er opne for innsyn dersom ikkje anna følger av lov. Ein kontakt eller førespurnad til Kartverket vil difor også kunne vere offentleg, enten det skjer gjennom brev, telefaks, skjema, e-post eller chat.

Etter arkivlova paragraf 6 jamfør paragraf 1 pliktar Kartverket å arkivere all kommunikasjon som har monaleg kulturelt eller forskningsmessig verdi eller som inneheld rettsleg eller viktig forvaltningsmessig dokumentasjon. For retting og sletting av slik informasjon gjeld reglane i arkivlova.

Vi fører ein offentleg journal over all utgåande og innkomande korrespondanse som normalt viser namnet til avsendar og mottakar, dato på dokumentet og ei kort oppsummering av dokumentinnhaldet. E-post blir behandla på same måte som innkomne brev. Her kan du lese meir om innsyn hos Kartverket.

Generelt er ikkje e-post trygt nok til å sende persondata. Vi oppmodar deg difor til ikkje å sende fødselsnummer eller teiepliktige, sensitive eller andre fortrulege opplysningar via e-post.

Når du chattar med kundesenteret vårt, kan du oppgi ei gyldig e-postadresse. Denne blir saman med dialogen (chatten) lagra hos chat-leverandøren vår Puzzel, både slik at du kan få tilsendt kopi og til oppfølging i Kartverket. Reglane for behandling av chat-dialog er dei same som for e-post.

Personopplysningar og data som du fyller inn i ulike skjema for påmelding, bestilling m.m. på kartverket.no, vil ikkje bli brukt til andre føremål. Det blir lagra på Kartverkets serverar og sletta etter fastsette rutinar.

Nettsider, informasjonskapslar og samtykke

Ved å hente informasjon eller bruke tenestene på kartverket.no og dei andre nettsidene våre (rettikartet.no, seeiendom.kartverket.no, norgeskart.no, geonorge.no, status.kartverket.no, satref.geodesi.no, nrl.kartverket.no, sesolstorm.kartverket.no, hoydedata.no, dnl.kartverket.no), samtykker du i at det blir plassert informasjonskapslar (cookies) i nettlesaren din, sidan dei fleste nettlesarane er stilt inn slik at dei automatisk godtar informasjonskapslar.

Kapslane hugsar innstillingar og samlar inn statistikk. Dersom du ikkje ønsker at vi nyttar informasjonskapslar, kan du sjå hos Nettvett.no korleis du endrar innstillingane i nettlesaren. Vi gjer merksam på at dette kan føre til at nettsidene ikkje fungerer optimalt.

Kartverket ønsker at du raskast mogleg skal finne det du leitar etter. For å lage ein brukarretta nettstad, nyttar vi verktøyet Google Analytics 4 til å analysere brukarmønsteret til dei som besøker nettsidene. Dette gir informasjon om korleis brukarane navigerer på nettstadene utan å lagre eller loggføre IP-adressa. IP-adresser som eventuelt blir samla inn frå EU-brukarar, blir sletta før data blir loggført via EU-domener og -tenarar. Les meir i Google sine retningslinjer for personvern.

Fleire av publiseringsløysingane våre nyttar informasjonskapselen ASP.NET_SessionId for å betre lesaropplevinga når du til dømes navigerer mellom ulike sider. Ingen personleg eller identifiserande informasjon blir lagra. Informasjonskapselen blir fjerna frå datamaskina når du lukkar nettlesaren.

ID-porten

Enkelte av Kartverkets tenester og produkt krev innlogging via ID-porten (MinID, BankID etc.). Når du loggar deg inn, er det erklæringa om tryggleik og informasjonskapslar på ID-porten som gjeld.

Nyheitsbrev

Det er mogleg å abonnere på nyheitsbrev frå Kartverket som bli sendt ut via e-post. Kartverket sender også ut driftsmeldinger til registrerte kundar av våre system og tenester. Felles for alle desse er at berre e-postadressa blir lagra. Det skjer i ein eigen database drifta av vår databehandlar Make AS.

E-postadressa vil berre bli brukt til å sende ut nyheitsbrev og brukarundersøkingar om nyheitsbrevet. Ho delast ikkje med andre og slettast når du meldar deg av nyheitsbrevet. Du kan når som helst melde deg av eit nyheitsbrev ved å trykke på lenka for dette nedst i nyheitsbrevet.

Del-/ tips-tenesta

Delingstenesta for artiklar på kartverket.no kan brukast til å vidaresende tips eller dele artiklar frå nettsidene. Opplysningar om deling blir ikkje logga, men blir berre nytta der og då til å legge inn tipset der du sjølv ønsker det. Korleis det aktuelle nettsamfunnet handterer data vidare, blir regulert av avtalen din med nettsamfunnet.

Om du bruker funksjonen til å sende lenke via e-post, nyttar vi berre dei oppgitte e-postadressene til å sende meldinga vidare. Dette skjer automatisk, og e-postadressene blir ikkje lagra.

Spørjeundersøkingar

Kartverket bruker Questbacks nettbaserte dataverktøy for å utføre spørjeundersøkingar. Data som blir innhenta via Questback, blir lagra i Oracles skyteneste innanfor EU. Alle data er kryptert slik at det berre er Kartverket som har tilgang til dei. I spørjeundersøkingar der vi lovar anonymitet, vil vi ikkje kunne kople e-postadresse med svar. Eventuelle purringar skjer automatisk utan at vi kan sjå kven purringane går til.

Sikring av informasjonen

Kartverket gjer det vi kan for at alle typar opplysningar som vi har ansvaret for, blir sikra etter dei krav som lovverk og overordna styresmakter set.

Ansvar og feilretting

Viss det er behandla personopplysningar som er feil, ufullstendige eller som det ikkje er tilgang til å behandle, skal den behandlingsansvarlege etter eige tiltak eller på oppmoding frå den registrerte rette dei mangelfulle opplysningane.

Retting av feil i grunnbok eller matrikkel følger lovverket for desse registra. Dersom vi hentar informasjon frå andre registre som til dømes folkeregisteret, må feila rettast der. For retting og sletting av informasjon arkivert etter arkivlova, gjeld arkivlovas reglar.

Er du usikker på tilgangen til å rette feil opplysningar, så kontakt oss for meir informasjon.

Personvernombod

Kartverket har sidan 25. mars 2009 hatt personvernombod. Oppgåvene til ombodet er:

  • å sjå til at Kartverket følger personopplysningslova
  • å vere ein ressurs for organisasjonen på fagområdet
  • hjelpe dei registrerte med rettane deira og å vere kontaktperson for Datatilsynet. Sjå meir om dette på Datatilsynets nettside.

Kontaktinformasjon til personvernombod i Kartverket: Laila Aslesen, personvernombudet@kartverket.no.

Meir informasjon

Dersom du ønsker meir informasjon om Kartverkets behandling av personopplysningar, kan du bruke kontaktinformasjonen nedst på denne sida. Ønsker du meir informasjon eller har spørsmål om informasjonskapslar og personvern på nett, kan du kontakte nettredaksjonen vår: info@kartverket.no eller telefon 32 11 80 00.

Del