Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Noreg i nord, sør, aust og vest

Her finn du nordlegaste, sørlegaste, austlegaste og vestlegaste punkt i Noreg. Kartverkets oversikt omfattar fastlands-Noreg, øyane rundt, Svalbard og Jan Mayen.

Posisjonane til ytterpunkta blir gitt i ETRS89/WGS84 (koordinatsystem).

Nordlegaste punkt i Noreg

Rossøya, nord for Nordaustlandet på Svalbard, grunnlinjepunkt nummer SV140: 80° 49' 44,41" nordleg breidde (20° 20' 32,29" austleg lengde frå Greenwich) er nordlegaste punkt i kongeriket Noreg.

Fastlands-Noreg, øy

Skjeret ved nordspissen av Knivskjelodden på Magerøy i Nordkapp kommune, grunnlinjepunkt nummer NM13 (tidlegare nr. 12): 71° 11' 08,5676" nordleg breidde (25° 40' 30, 7970" austleg lengde frå Greenwich) er nordlegaste punkt i fastlands-Noreg.

Ein firkanta, konisk varde av altaskifer vart bygd her i regi av Den Norske Turistforening (DNT). "Tusenårsvarden" vart innvigd av Vegard Ulvang.

Fastlands-Noreg, fastland

Kinnarodden på Nordkinnhalvøya i Lebesby kommune: 71° 08' 02,4780" nordleg breidde (27° 39' 13,6274" austleg lengde frå Greenwich) er det nordlegaste punktet på fastlandet.

Sørlegaste punkt

Skjeret Pysen sør for Odden nær Tregde i Lindesnes kommune, grunnlinjepunkt nummer NM89 (tidlegare nr. 106): 57° 57' 30, 6353" nordleg breidde (07° 33' 52,3010" austleg lengde frå Greenwich) er sørlegaste punkt i Noreg.

Hovudlandet, fastland

Lindesnes i Lindesnes kommune med Nesvarden: 57° 58' 46,2797" nordleg breidde (07° 03' 19,1840" austleg lengde frå Greenwich) er fastlands-Noregs sørlegaste punkt.

I nokre samanhengar vert Lindesneshalvøya vurdert som ei øy. Ifølgje FNs definisjon er området ikkje ei øy, sidan Spangereidkanalen er eit menneskeskapt inngrep. Om Lindesnes likevel blir vurdert som ei øy, er Odden på nordsida av Skjernøysundet i same kommune (ca 4 km søraust for Mandal by) sørlegaste fastlandspunkt: 58° 00' 12,5993" nordleg breidde (07° 30' 47,6893" austleg lengde frå Greenwich).

Austlegaste punkt

Kræmerpynten på Kvitøya på Svalbard, grunnlinjepunkt nummer SV084: (80° 13' 45,28" nordleg breidde) 33° 30' 58,74" austlege lengde frå Greenwich er austlegaste punkt i Noreg.

Hovudlandet, øy

Hornøya nordaust for Vardø ligg i Vardø kommune, og har grunnlinjepunkt nummer NM03 (tidlegare nr. 3): (70° 23' 12,6393" nordleg breidde) 31° 10' 06,9360" austleg lengde frå Greenwich inneber at dette er fastlands-Noregs austlegaste punkt.

Hovudlandet, fastland

Kibergneset sør for Vardø i Vardø kommune, har grunnlinjepunkt nr. NM02 (tidlegare nr. 2): (70° 17' 20,9612" nordleg breidde) 31° 03' 51,5469" austleg lengde frå Greenwich gjer dette til det austlegaste punktet på fastlandet.

Vestlegaste punkt i Noreg

Høybergodden på Jan Mayen, grunnlinjepunkt nummer JM19: (70° 51' 49,05" nordleg breidde) 09° 04' 38,86" vestleg lengde frå Greenwich er Noregs vestlegaste punkt.

Hovudlandet, øy

Holmebåen ligg utanfor Ytre Sula i Solund kommune, nord for Sognefjordens munning. Grunnlinjepunkt nr. NM63 (tidlegare nr. 70) (61° 04' 24,0727" nordleg breidde) ligg på 04° 29' 57,0166" austleg lengde frå Greenwich. Dette er fastlands-Noregs vestlegaste punkt.

Hovudlandet, fastland

Vardetangen på Lindåshalvøya vest for Mongstad i Austrheim kommune nordvest for Bergen: (60° 48' 36,6146 nordleg breidde) 04° 56' 43,1825" austleg lengde frå Greenwich gjer dette til det vestlegaste punktet på fastlandet.

Share