Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Kartlegging av tilgjengelegheit

Kartverket bidreg til å kartlegge tilgjengelegheit i byar, tettstader og friluftsområde, og offentliggjer alle registrerte data.

Status Kartverkets prosjektarbeid

Kommunal- og distriktssdepartementet gir tilskot gjennom Kartverket til utvalde kommunar og fylke som ønskjer å gjennomføre kartlegging av tilgjengelegheit.

Sjå status for Kartverkets prosjekt om kartlegging av tilgjengelegheit.

Kva er tilgjengelegheit og universell utforming?

Funksjonshemming blir ofte misforstått som ein type varig sjukdom eller tilstand, men funksjonshemma menneske er inga einsarta gruppe. Barn, eldre menneske, foreldre med barnevogn, personar med ein mellombels skade og så vidare møter andre hindringar enn befolkninga elles. Universell utforming handlar om at omgivnadene skal vere tilgjengelege for alle, uansett ferdigheiter og funksjonshemmingar. Derfor er universell utforming til fordel for alle menneske på ulike stadium i livet.

Tilgjengelegheit er eit "svakare" uttrykk, og kan beskrive tiltak og løysingar for bestemte grupper, til dømes tilgjengelegheit for rullestolbrukarar.

I 2009 la regjeringa fram ein handlingsplan for universell utforming og auka tilgjengelegheit. Handlingsplanen vart fornya i 2015. Målet er å gjere samfunnet meir tilgjengeleg for alle, og at Noreg skal være universelt utforma innan 2025.

Kvifor kartlegge tilgjengelegheit?

Kartverkets verktøy kartlegg tilgjengelegheit for personar med redusert rørsleevne eller nedsett syn. Ved å kartlegge framkommelegheit, vil ein avdekke korleis staden er tilpassa for desse gruppene. Tilgjengelegheitsdata for eit område er eit nyttig verktøy for arealplanlegging og byutvikling.

Med hjelp av databasen kan ein kommune finne ut

  • korleis situasjonen er i dag
  • kva ein kan gjere for å betre tilgjengelegheita
  • korleis midlar kan brukast på ein effektiv måte

Kartlegging gir ein heilskapleg oversikt, noko som gjer det enklare å ta dei rette avgjerdene. Til dømes kan ein vurdere kva ruter i ein by det er viktig å fokusere på, kor ting fungerer temmeleg bra og kan gjerast betre med enkle middel, eller kor ein treng større, langsiktige investeringar.

Universell utforming handlar om at omgivnadene skal vere tilgjengelege for alle, uansett ferdigheiter og funksjonshemmingar.

Tilgjengelegheitsprosjektet i Kartverket

Målet med prosjektet er å skape ein database og kartlag i ein kartklient som syner tilgjengelegheit i tettstader og friluftsområde i Noreg. Databasen kan dermed være eit nyttig verktøy for:

  • arealplanlegging (bygge eit barriere-fritt miljø) og vedlikehald i kommunen
  • statistikk og analyse i staten og organisasjonane
  • sluttbrukarar som informasjonskjelde

Datasettet er eit bidrag til å skapa betre folkehelse og å sikre sjølvstende og sikkerheit for alle menneske med nedsett funksjonsevne.

Brukargrupper

Innsamling av data fokuserer på to brukargrupper:

  • Personar med nedsett rørsleevne
  • Personar med nedsett syn

Prosjektet gjev derfor ikkje eit fullstendig bilde av tilgjengelegheit for alle typar funksjonshemmingar, men er ein god start ein seinare kan bygge vidare på.

Utstyr for kartlegging

Det er utvikla eit verktøy for registrering av tilgjengelegheit. Dette er ein applikasjon/«app» som kan nyttast på nettbrett eller mobil (både Android og IOS). Verktøyet er derfor rimelig å skaffe seg, og enkelt å ta med seg ut i felten. Rettleiar for applikasjonen finn du på sida for rettleiing. Etter innsamling i felt kan du redigere data i same applikasjon på en datamaskin på kontoret.

Registreringa kan knytast direkte til kartinformasjonen, nøyaktig posisjonering skjer via den innebygde GPS-en i nettbrettet/mobilen. Det er utvikla to rettleiarar for arbeid i felt; ein for registrering i tettstader og ein for registrering i friluftsområde.

Share