Kartlegge uteområde i år?
Kommunar og andre interessentar kan søkje om tilskot til kartlegging av tilgjengelegheit og universell utforming. Fekk prosjektet ditt tilskot i år?
Data Ta i bruk oppdaterte datasett
Kartleggingsprosjekta frå 2022 er avslutta. Her kan du sjå korleis du kan få tak i dei oppdaterte datasetta.
Kartverket arbeider med å gjere data tilgjengeleg for kommunane gjennom betre applikasjonar og brukargrensesnitt, og tilbyr kommunane opplæring og teknisk support. Kommunane står for praktisk gjennomføring av kartlegginga, og held sine data ved like.
Kartlegging i 2023
Det er Kommunal- og distriktssdepartementet (KDD) som gjennom Kartverket gir tilskot til eit utval kommunar og fylke som vil gjennomføre kartlegging av tilgjengelegheit. Målet er å bidra til at fylka og kommunane skal vere i stand til å utvikle og forvalte arbeidet med universell utforming på ein god og varig måte.
I år har 27 prosjekt fått tilskot til kartleggingsarbeidet. Kartverket held både fysiske og digitale rettleiingskurs i mai/juni. Når du har deltatt på kurset og har nødvendig utstyr, er du klar for å starte kartlegginga.
Framdriftsplan
- April: Søknadsfrist for prosjektmidlar var 14. april.
- Mai: Tilsegn om tilskot.
- Mai/juni: Prosjektavklaring og kurs.
- Sommar/ haust: Kartlegging i kommunane. Kartverket kvalitetssikrar data.
- Haust: Sluttrapport frå deltakarane. Kartverket evaluerer saman med deltakarane.
- Januar 2024: Sluttrapport skal leverast til Kommunal- og distriktssdepartementet.
Informasjonsbrev om årets prosjektmidlar blei sendt ut i løpet av februar/mars:
Tilgjengelegheitsprosjektet i Kartverket
Kartverket er tildelt oppgåva å framskaffa data om tilgjengelegheita for byar, tettstader og friluftsområde. Kartverket si kartlegging av tilgjengelegheitsdata er del av eit større nasjonalt prosjekt om bruk av geografiske informasjonssystem for å hente inn og presentere data om tilgjengelegheit.
Arbeidet starta allereie i 2004 med kartlegging av tilgjengelegheita i Oslo sentrum. Ved utgangen av 2022 var det kartlagd:
- Tettstader i 266 kommunar
- Friluftsområde i 276 kommunar
I dei første åra av prosjektet vart feltarbeid gjennomført i regi av Kartverket med engasjement av sommarvikarar. Frå 2015 og vidare framover har kartleggingsarbeidet i større grad blitt gjennomført av kommunar og fylkeskommunar.
The mail has been sent!