Kartverktøy for marin arealplanlegging på tvers av grenser
Hava våre er dynamiske, og det må også måten vi planlegg dei på vere. Kartverktøyet «NordicSpatial» kan gjere det enklare å lage marine areal- og ressursplanar på tvers av nordiske og baltiske grenser.
Frå havvind til skipsfartsruter og sårbare økosystem – mange aktivitetar konkurrerer om plassen til havs. Fordi havet ikkje stoppar ved landegrenser, kan ingen land planlegge og forvalte bruken av dei åleine.
– Ei berekraftig forvalting av havet krev samarbeid på tvers av landegrenser og sektorar. Då må vi òg sikre at vi planlegg ut frå det same kunnskapsgrunnlaget og felles situasjonsforståing, seier internasjonal koordinator Evert Flier frå sjødivisjonen i Kartverket.
Gratis kartverktøy
Målet med NordicSpatial-prosjektet har vore å legge til rette for ei heilskapleg tilnærming til marin arealplanlegging, der planlegginga tek utgangspunkt i delte havområde framfor nasjonale grenser.
Prosjektet vart initiert av Kartverket og finansiert av Nordisk Ministerråd. BarentsWatch har hatt ansvar for den tekniske utviklinga.
Saman med deltakarar frå Finland, Sverige, Estland, Latvia, Litauen, Danmark og Noreg, har prosjektet resultert i eit gratis, webbasert kartverktøy som gjer det mogleg å:
- dele og visualisere offisielle marine data på tvers av land
- samarbeide om marin arealplanlegging i sanntid
- byggje ei felles situasjonsforståing for komplekse havområde
Karttenesta «NordicSpatial» er open for alle, og krev ikkje førehandskjennskapar om geografiske informasjonssystem (GIS).
Felles kartgrunnlag for ei berekraftig forvalting
– Dette er eit nytt steg mot meir harmonisert og datadriven marin arealplanlegging i havområda i Norden og Østersjøen, på tvers av landegrenser og fagfelt, seier Flier.
Kartverktøyet viser korleis felles datagrunnlag og enkle digitale løysingar kan senke terskelen for samarbeid og styrke planleggingspraksisar i havområde der mange interesser og omsyn møtast.
«NordicSpatial» strøymer offisielle kartdata direkte frå dei marine dataportalane for Europa og Østersjøen, EMODnet og HELCOM.
Prosjektrapport
Prosjektrapporten vart publisert i januar 2026, og du kan lese han her:
«NordicSpatial» er fullt operativt og brukande innan havforvalting, og Miljødirektoratet har signalisert at dei vil ta verktøyet i bruk. Rapporten konkluderer likevel med at det føreligg eit betydelig potensiale for vidareutvikling av verktøyet saman med interessentar, for å gjere det enno meir solid og brukarvenleg.
Fakta NordicSpatial
«NordicSpatial» er ei kartteneste som støttar utforming av marine areal- og ressursplanar på bassengnivå.
Prosjektet vart initiert av Kartverket, finansiert av Nordisk ministerråd og har involvert deltakarar frå sju land rundt Østersjøen.
BarentsWatch har vore ansvarleg for den tekniske utviklinga av verktøyet.
The mail has been sent!