Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Læring og latter i skjønn foreining

I løpet av sommaren har to studentar frå Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) ikkje berre kvalitetssikra FKB vatn, men også delteke på fleire sosiale aktivitetar.

Kva er FKB?

Felles kartdatabase (FKB) er ei samling primærdatasett som blir samla inn og forvalta i fellesskap av Geovekst-partane i ein kommune. Ny hovudversjon av standardane vart innført i mai 2023.

Me møter Harrishan Jegatheeswaran og Rebekka M. Hosar i det opne kontorlandskapet der dei sit og jobbar med FKB-vasslinjer og høgdemodellar.

– Det har vore ein hyggjeleg og lærerik sommar, seier Rebekka med eit smil. Begge er no inne i sitt fjerde år av studia ved NMBU i Ås.

Harrishan studerer geomatikk på sivilingeniørprogrammet, medan Rebekka tek master i by- og regionplanlegging.

Harri og Rebekka KV OSLO.png
NETTVERKSBYGGING: Harrishan og Rebekka er begge glad for moglegheita sommarjobben gir. Foto: Johanna Sofia Løvsle Hellem-Hansen | Kartverket Oslo

Korleis fekk dei eigentlege denne sommarjobben?

– Gjennom ein kjenning, seier Rebekka, og legg ikkje skjul på at litt nettverksbygging aldri skader.

Eg hadde flaks som fekk denne moglegheita. Jobbkvardagen har vore prega av både fagleg djupn og sosiale arrangement. Ho legg også til at det ser bra ut på CV-en.

Harrishan, som allereie hadde hatt eit internship i Kartverket tidlegare i år, fekk kjennskap til sommarjobben gjennom Johanna Sofia Løvsle Hellem-Hansen. Ho har vore ansvarleg for dei to sommarstudentane.

Kva har de gjort i sommar?

– Hovudoppgåva vår har vore kvalitetsheving av FKB Vann. Me bruker data frå dreneringslinjer for å vurdera og retta opp FKB-data.

Ikkje berre PC-jobbing

Blant høgdepunkta i sommar trekkjer dei fram synfaring, hyggjelege lunsjpausar, nesten-bading, ispausar, Geoguessr, og ikkje minst den hyggjelege sommarfesten i regi av sosial- og velferdskomiteen i Oslo.

Dei har også hatt sosiale møte med sommarstudentar over heile landet.

– Me har fått gjera meir enn å sitja stille framfor PC-en. Synfaring var spesielt morosamt, det er noko heilt anna å faktisk sjå vasslinjene i terrenget, seier Rebekka.

Framtida kallar!

Den 1. september er siste arbeidsdag i Kartverket. Då ventar studentlivet igjen.

– Me skal begge tilbake til Ås og halda fram på studia, seier Harrishan. Men me vil begge to takka så mykje for moglegheita til å jobba her, og ein spesielt stor takk til Tor Ivar Solsrud Majercsik (fylkeskartsjef) og Johanna, som har hjelpt og rettleidd oss gjennom sommaren.

Og kven veit, kanskje er dette ikkje det siste me ser av Harrishan og Rebekka i Kartverket?

– Me kjem gjerne tilbake! seier dei før dei går tilbake til arbeidet.

 

Share
XPPT