Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Kartlegging i Oslo, Østfold, Akershus og Buskerud

Det er starta opp sju Geovekst-prosjekt i 2025, med vertikal og skrå flyfotografering, laserskanning, produksjon av ortofoto frå historiske flybilete og produksjon av nye kartdata.

Kva er Geovekst?

Geovekst er eit samarbeid om etablering, forvaltning og bruk av geografisk informasjon. Her deltek Kartverket, Statens vegvesen, NVE, Bane Nor, Energi Norge, Telenor, kommunane, fylkeskommunane og Landbruksdepartementet med dei underliggjande etatane sine.

Her kan du sjå status for alle igangverande kartleggingsprosjekt i fylka våre.

LACHVI26 – Historisk ortofoto Viken 2022

Prosjektet vart oppretta så tidleg som 2022, då Viken framleis eksisterte og sette sitt preg på både prosjektnummer og namn. No er endeleg prosjektet lyst ut, tildelt og sett i gang i vår

Det er Field Geospatial AS som fekk tildelt oppdraget og det blir no jobba med å få på plass ei god produksjonsløype for å få ferdige historiske ortofoto ut i Noreg i Bilder.

Omfanget av oppdraget er stort, og det vil bli lagt ut bolkar på ti ortofotoleveransar om gongen. Dei partane det gjeld blir underretta undervegs.

LACIAK51 - Nedre Romerike 2025

Flyfotografering i kommunane Nittedal, Lillestrøm, Rælingen og Aurskog-Høland.

Flybileta blir brukte til etablering av ortofoto.

LACIAK51 - Nedre Romerike 2025.png
LACIAK51 - Prosjektområdet for «Nedre Romerike 2025»/ Ill.: Kartverket Oslo, Østfold, Akershus og Buskerud/ Ill.: Kartverket Oslo, Østfold, Akershus og Buskerud.

LACIAK52 – Akershus skråfoto 2025

Skråbiletfotografering og produksjon av ortofoto av utvalde område i kommunane Indre Østfold, Bærum, Asker, Nordre Follo, Nesodden, Frogn, Vestby, Ås, Enebakk og Lørenskog.

LACIAK52 – Akershus skråfoto 2025.png
LACIAK52 - Prosjektområdet for «Akershus skråfoto 2025»/ Ill.: Kartverket Oslo, Østfold, Akershus og Buskerud.

LACIAK53 – Romerike laser 2025

Laserskanning med 5 pkt./m2 over område i Ullensaker, Gjerdrum, Nittedal og Nannestad kommune. Laserdata blir brukt til vedlikehald av nasjonal detaljert høgdemodell (NDH) og til produksjon av høgdekurver.

LACIAK53 – Romerike laser 2025.png
LACIAK53 - Prosjektområdet for «Romerike laser 2025»/ Ill.: Kartverket Oslo, Østfold, Akershus og Buskerud.

LACIBU51 - Søndre Buskerud 2025

Flyfotografering i kommunane Kongsberg, Øvre Eiker, Drammen og Lier. Flybileta blir brukte som grunnlag for konstruksjon av FKB-B kartgrunnlag og til etablering av ortofoto.

LACIBU51 - Søndre Buskerud 2025.png
LACIBU51 - Prosjektområdet for «Søndre Buskerud 2025»/ Ill.: Kartverket Oslo, Østfold, Akershus og Buskerud.

LACIBU52 – Hallingdal 2025

Flyfotografering i kommunane Flå, Nesbyen, Gol, Hemsedal, Ål og Hol kommune. Flybileta blir brukte som grunnlag for konstruksjon av FKB-B kartgrunnlag og til etablering av ortofoto.

LACIBU52 – Hallingdal 2025.png
LACIBU52 - Prosjektområdet for «Hallingdal 2025»/ Ill.: Kartverket Oslo, Østfold, Akershus og Buskerud.

LACIØS51 - Østfold 2025

Flyfotografering i kommunene Moss, Sarpsborg, Fredrikstad og Våler. Flybildene brukes som grunnlag for konstruksjon av FKB-A og FKB-B kartgrunnlag og til etablering av ortofoto.

LACIØS51 - Østfold 2025.png
LACIØS51 - Prosjektområdet for «Østfold 2025»/ Ill.: Kartverket Oslo, Østfold, Akershus og Buskerud.

Om Geovekst-samarbeidet

Det er dei lokale partane i Geovekst-samarbeidet som står bak prosjekta. Nyproduserte data inngår i det offentlege kartgrunnlaget og blir tilgjengeleg mellom anna via:

Share
XPPT