Status kartlegging i Møre og Romsdal
Her finn du ein oversikt over pågåande kartleggings-prosjekt i regi av Geovekst i fylket.
Kva er Geovekst?
Geovekst er eit samarbeid om etablering, forvaltning og bruk av geografisk informasjon. Her deltek Kartverket, Statens vegvesen, NVE, Bane Nor, Energi Norge, Telenor, kommunane, fylkeskommunane og Landbruksdepartementet med dei underliggjande etatane sine.
Romsdal laser 2026
Geovekstprosjektet omfattar laserskanning med punkttettleik på 5 punkt/m2 for utvalde område i Molde, Vestnes, Rauma, Aukra og Hustadvika kommunar.
Romsdal 2026
Flyfotografering av utvalde område i Molde, Vestnes, Rauma, Aukra og Hustadvika. Flybileta vert brukt som grunnlag for konstruksjon av FKB-kartgrunnlag og til etablering av ortofoto.
Nordmøre laser 2025
Laserskanning med punkttettleik på 10 punkt/m2 for utvalde område i Aure, Averøy, Gjemnes, Kristiansund, Surnadal, Sunndal og Tingvoll kommunar.
Laserdata vert brukt som høgdegrunnlag for ortofoto i Geovekst-prosjektet Nordmøre 2026, til vedlikehald av nasjonal detaljert høgdemodell (NDH) og til produksjon av høgdekurver.
Punktskya er tilgjengeleg i høydedata.no under namnet «Nordmøre 10pkt 2025».
Nordmøre 2025
Flyfotografering i kommunane Aure, Averøy, Gjemnes, Kristiansund, Smøla, Surnadal, Sunndal og Tingvoll. Flybileta vert brukt som grunnlag for konstruksjon av FKB-kartgrunnlag og til etablering av ortofoto. Datafangst er fullført, og data er til mottakskontroll hjå Kartverket og kommunane.
Mellombels ortofoto er tilgjengeleg på Norge i bilder:
The mail has been sent!