Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Mareano-konferansen

I 20 år har Mareano-programmet kartlagt havbotn. Vi inviterer til gratis jubileumskonferanse. Her får du høyre om dei nyaste resultata, høgdepunkt frå kartlegginga av norske havområde, og om kartleggingsprogrammet i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv.

Hybrid konferanse

Det er mogleg å følge konferansen digitalt, og dette krev ikkje påmelding. Lenke til direktesending vil bli delt på mareano.no før konferanse-start.

Opptak av konferansen blir ikkje tilgjengeleg i etterkant. 

Velkommen til Mareano-konferansen 2025 i Oslo og digitalt, den 23. oktober.

Program

Konferansier er Siri Sorteberg frå Miljødirektoratet.

kl. 9.00–9.30: Registrering og mingling

kl. 9.30–9.45: Velkommen

Mareano gjennom 20 år

kl. 9.45–10.00: Bakgrunn for etableringa av Mareano-programmet
Geir Klaveness frå Klima- og miljødepartementet

kl. 10.00–10.25: Mareano frå 2005 til i dag
Terje Thorsnes frå NGU

kl. 10.25–10.45: Korleis blir kunnskap frå Mareano brukt i norsk havforvalting?
Fagleg forum for norske havområde og Fiskeridirektoratet

kl. 10.45–11.00: Pause

Høgdepunkt frå Mareano

kl. 11.00–12.15
Utøvande gruppe ved Pål Buhl-Mortensen (Havforskingsinstituttet), Lilja Run Bjarnadottir (NGU) og Hanne Hodnesdal (Kartverket)

kl. 12.15–13.00 Lunsj (det blir servert lunsj til alle som deltek fysisk på konferansen)

Mareano i nasjonalt og internasjonalt perspektiv

kl. 13.00–13.40: Klarer Mareano å levere det norsk forvalting, næringa og forskinga faktisk har behov for?
brukarar av Mareano-data

kl. 13.40–14.00: Mareano i globalt perspektiv
Peter Haugan frå Havforskingsinstituttet/Universitetet i Bergen

kl. 14.00–14.10: Pause

kl. 14.10–14.30: Interaktiv sesjon
John Morten Klingsheim frå Kystverket

kl. 14.30–15.00: Mareano inn i framtida – oppsummering og avsluttande kommentarar

Det kan komme endringar i programmet.

Fakta Mareano 20 år

I 20 år har Mareano kartlagt djup, botnforhold, biologisk mangfald, naturtypar og foureiningi sedimenta i norske havområde. No i 2025 feirar vi jubileum.

Kartlegginga utførast i eit samarbeid mellom Havforskingsinstituttet (HI), Noregs geologiske undersøking (NGU) og Kartverket.

Dei tre samarbeidspartnarane utgjer også utøvande gruppe i Mareano, og gjennomførar den daglege drifta.

Det overordna ansvaret ligg hos programgruppa som blir leidd av Miljødirektoratet.

Les meir på mareano.no.

Kart som viser Norge og havområdene i sør, vest og nord. I havområdene er kartlagte områder markert.
Oversikt over forvaltingsplanområde (blå strek), område kor Mareano har kartlagt (tynn kvit strek) med årstal for perioden kartlegginga har blitt gjort, og status for kartlegging. Kjelde: Mareano
Share
XPPT