Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Innsendaren får fakturaen

Den som sender inn dokument til tinglysing må vere identifisert som innsendar. Det sikrar at faktura med gebyr og eventuell dokumentavgift blir sendt til riktig adresse.

Innsendaren får rekninga

Den som står som innsendar på skjemaet får faktura på tinglysingsgebyr og ei eventuell dokumentavgift. Det er innsendaren som i fyrste omgang er ansvarleg for å betale. Innsendaren er pliktig til å skrive namnet, adressa og organisasjonsnummeret eller fødselsnummeret sitt ved tinglysing, slik at Kartverket sender fakturaen til riktig adresse.

Dersom du sender inn fleire dokument i same konvolutt, er det viktig at innsendaropplysningane er like på alle dokumenta. Dokument som blir sendt inn for sletting inneheld ofte gamle innsendaropplysningar, som gjer det uklart kven som skal ha dokumenta i retur. I slike tilfeller er det viktig at innsendaren streker over alle dei gamle innsendaropplysningane.

Samsvar mellom fyljebrev og dokument

Informasjonen i fyljebrevet må samsvare med informasjonen i tinglysingsdokumenta. Dersom ein eigedomsmeklar sender inn eit pantedokument for ein bank, må eigedomsmeklaren streke over innsendaropplysningane til banken. Meklaren må skrive sitt eige namn og organisasjonsnummer i innsendarfeltet på pantedokumentet.

Skulle det likevel ikkje vere samsvar mellom den som har sendt fyljebrevet og innsendaropplysningane på dokumentet, vil vi bruke opplysningane i fyljebrevet. Den personen som har signert fyljebrevet vert rekna som innsendar i saka, og får tilsendt fakturaen.

Sende fakturaen til nokon andre enn innsendar

Kartverket kan ikkje sende fakturaen til nokon andre enn innsendaren, sjølv om innsendar ber om det i fyljebrevet, jf. lov om dokumentavgift § 6 og tinglysingsloven § 12 b.

Adresseendring

Ei adresseendring må meldast til Brønnøysundregistera eller folkeregisteret. Som privatperson kan du få tilsendt dokument og faktura til ei adresse som ikkje samsvarer med di folkeregistrerte adresse. Du må skrive riktig adresse i innsendarfeltet i dokumentet som skal tinglysast.

Det er viktig at innsendaren blir identifisert av kun eitt organisasjonsnummer, eller eitt fødselsnummer. Fyljebrev frå profesjonelle inneheld ofte fleire organisasjonsnummer, som kan gjere det uklart for oss kven som er rett innsendar.

Dersom innsendaren er eit selskap må namnet skrivast på same måte som i Brønnøysundregistra, jf. forskrift om tinglysing § 4 andre ledd. Undereiningar skal identifisere seg med hjelp av underorganisasjonsnummeret.

Referansenummer

Innsendaren kan bruke eit eige referansenummer på saker til tinglysing. Referansenummeret kan bestå av både tall og bokstavar. Referansenummeret står på fakturaen, og kan vere eit nyttig hjelpemiddel til å sortere tinglysingssaker internt i større bedrifter.

Ofte stilte spørsmål

Share