Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Frå burettslag til sjølveigarbustad

Eit burettslag kan omdannast til eit sameige ved å seksjonere eigedomen og avvikle burettslaget. Sameiget må ta omsyn til panthavarane.

I nokre tilfelle ynskjer eigarane av eit burettslag å omorganisere burettslaget til eit eigarseksjonssameige, slik at bebuarane sjølve blir eigarar av kvar sin seksjon. Ein slik prosess kan vere utfordrande, kostbar og tidkrevjande. Det er viktig å gjere ting i rett rekkjefølgje. Dei fleste burettslag vel å engasjere ein advokat eller ein annan profesjonell aktør som tek ansvar for gjennomføringa.

1. Vedtak om oppløysing av burettslaget

Ved oppløysing av eit burettslag er det viktig å følgje reglane om behandling i to generalforsamlingar, krav til kvalifisert fleirtal, val av avviklingsstyre, melding til Føretaksregisteret, kreditorvarsel, dekning av lagsskyldnader, med meir.

Følg reglane som står i burettslagslova kapittel 11.

Når det er registrert i Føretaksregisteret at burettslaget er under oppløysing, vil Kartverket av eige tiltak skrive ein merknad på grunnboksbladet til kvar burettslagsandel. Merknaden om at burettslaget er under oppløysing, er berre ei orientering. Den hindrar ikkje overdraging eller pantsetjing i tidsrommet fram mot endeleg oppløysing av burettslaget.

2. Burettslaget seksjonerer eigedomen

Når avgjerda om oppløysing av burettslaget er endeleg fatta, bør avviklingsstyret starte prosessen med å seksjonere eigedomen, slik at kvar bustad får sitt eige seksjonsnummer. Dersom burettslaget eig fleire eigedomar, må laget vurdere om det er ønskjeleg å slå saman eigedomane først. Dei kan også opprette eitt sjølvstendig eigarseksjonssameige på kvar eigedom. Dette kan styret diskutere med kommunen, som har ansvar for samanslåing av eigedom og seksjonering. Kommunen skal orientere om kostnadene.

Kommunen handsamar seksjoneringssaka og sender ei melding til tinglysing, slik at det blir oppretta eit grunnboksblad for kvar eigarseksjon. Burettslaget vil framleis ha grunnboksheimel til heile eigedomen og alle seksjonane.

3. Skøyte på seksjonane til bebuarane

Kvar nyoppretta eigarseksjon må overførast frå burettslaget til kvar einskild bebuar som skal bli sjølveigar. Dette gjer avviklingsstyret ved å fylle ut eit vanleg skøyte.

Om eigedomen ligg i eit område med nedsett konsesjonsgrense, må kvar nye seksjonseigar også fylle ut skjemaet Eigenfråsegn om konsesjonsfridom.

Les meir om konsesjon.

Det vert eit tinglysingsgebyr for kvart skøyte som blir tinglyst. I tillegg blir det berekna dokumentavgift på 1000 kroner for kvar seksjon som blir overført frå burettslaget. Dette er bestemt i Stortingets årlege vedtak om dokumentavgift § 1 andre ledd. Vis til denne regelen i punkt 3 på skøytet, for å få nedsett dokumentavgift.

Les meir om vilkåra for nedsett dokumentavgift ved oppløysing av burettslag i Rundskriv for Tinglysingen, kapittel 2.2 problemstilling nr. 2.

4. Nye pant på seksjonane

Når bebuarane har fått grunnboksheimel til kvar sin eigarseksjon, bør dei kontakte sin eigen bank og eventuelle andre panthavarar som har tinglyste pant i deira burettslagsandel. Panta må tinglysast på nytt i dei nye seksjonane med vanlege pantedokument.

Panta bør tinglysast i same rekkjefølgje som dei hadde i burettslagsandelen. Dette sikrar panthavarane den same prioriteten som dei hadde. Om panthavarane ikkje blir gjorde merksame på at panterettane må flyttast, vil dei miste rettsvernet. Dette kan få store økonomiske følgjer, både for kreditorar og bebuarar.

5. Gamle pant i burettslagsandelane må slettast

Dei opphavelege panta som er tinglyste på kvar burettslagsandel, må slettast. Dette gjer banken og eventuelle andre panthavarar ved å sende inn eit slettekrav til Kartverket sitt kontor i Kinsarvik. Alle dei nye seksjonseigarane bør ta kontakt med sine eigne kreditorar, for å minne dei på  at dei tinglyste panterettane i burettslagsandelane vil miste rettsvernet når burettslaget blir oppløyst.

6. Burettslaget blir sletta frå grunnboka

Før avviklingsstyret kan avslutte arbeidet med omorganiseringa, må avviklingsstyret sende eit brev til Kartverkets kontor i Kinsarvik, og be om at burettslaget blir sletta frå grunnboka. Om ei slik melding ikkje blir send innan laget blir sletta frå Føretaksregisteret, vil Kartverket av eige tiltak slette heile burettslaget frå grunnboka.

7. Burettslaget blir sletta frå Føretaksregisteret

Når burettslaget er ferdig omorganisert til eit eigarseksjonssameige, laget sine skyldnader er dekte, og oppgjer er godkjent av generalforsamlinga, må avviklinga av burettslaget sluttførast. Melding om at laget er endeleg oppløyst, skal sendast til Føretaksregisteret. Samstundes bør det nye eigarseksjonssameiget velje eit nytt styre, og elles følgje reglane i eigarseksjonslova.

Adresse: Send dokumenta til:

Kartverket Ullensvang
Postboks 200
5788 Kinsarvik

Share