Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Adresser i burettslag

Andelar i burettslag er identifisert i grunnboka med burettslaget sitt organisasjonsnummer og eit andelsnummer. Opplysingar om adressene til andelane kan søkjast fram i visingstenesta «Se eiendom».

Adresse: Send dokumenta til:

Kartverket Ullensvang
Postboks 200
5788 Kinsarvik

Vising av adresser knytt til burettslagsandelar

Burettslaget sine eigenrapporterte opplysingar om adresser kan du finne i visingstenesta «Se eiendom».  Tenesta koplar saman informasjon frå matrikkelen og grunnboka. Du kan søke på vegnamn, adresser og eigedomsnemning (gards- og bruksnummer). Det er ikkje mogeleg å søke på burettslaget sitt organisasjonsnummer og andelsnummer, i denne tenesta.

Om du søkjer fram ein eigedom som tilhøyrer eit burettslag, vil søkjeresultatet liste opp alle dei registrerte andelane i burettslaget. Opplysingane viser registernemninga til kvar enkelt andel, den registrerte adressetilknytinga og knappar for å vise eller bestille grunnboksutskrift. Adressa viser som ei fullstendig og unik adresse for kvar andel, med vegnamn, husnummer (og eventuell bokstav) og brukseiningsnummer.

Du kan se grunnboksbladet til eiendommen på Se eiendom

Krav til registrering av adresser i grunnboka

Grunnboka er eit rettsregister, og sikrar rettsvern for juridiske rettar i andelen. Grunnboksutskrifta til ein burettslagsandel viser heimelshavar og hefte på andelen.

Burettslagslova krev at kvar andel i eit burettslag knyter ein bruksrett til ein bustad på burettslaget sin eigedom. Ved innregistrering av eit burettslag i grunnboka er det difor eit krav om å opplyse kva for bustad kvar enkelt andel er knytt til. Det må opplysast ved å gi ei konkret adressetilknyting til kvar andel. Opplysingane om adressetilknyting vert lagra i grunnboksdatabasen, men har ikkje direkte verknad for rettsvernet og vert ikkje vist på grunnboksutskrifta til ein burettslagsandel.

Rette feil i adressetilknyting

Dei registrerte opplysingane om adresser i burettslag er basert på burettslaget si eiga rapportering i samband med innregistrering av burettslaget i grunnboka. Det kan vere feil eller manglar i rapporteringa, og det kan få konsekvensar for bebuarane i laget. Til dømes kan det føre til feil likningsverdi på bustaden i skattemeldinga (primær- eller sekundærbustad).

Styret i burettslaget eller forretningsføraren kan melde om feil i adressetilknytinga. Meldinga kan sendast på e-post til post@kartverket.no, eller som brevpost.

Share