Set dine fargar på kartet!
Liker du å fargelegge? No kan du setje ditt eige fargepreg på byen, bygda eller favorittstaden din! Eit detaljert kart har flotte mønster som eignar seg ypparleg til fargelegging.
Fargeleggingsbøker er blitt bestseljarar i ei rekkje land, og hobby-teiknarar i hopetal har funne sjelefred og fått utløp for kreativiteten sin ved å fargelegge detaljerte mønster og motiv. Også Kartverket har kasta seg på fargeleggingstrenden som har gått sin sigersgang over store delar av verda.
På norgeskart.no kan du velje kva for ein by eller tettstad du vil skrive ut for fargelegging. Opne norgeskart.no, finn rett by/stad ved å zoome deg inn i kartet eller ved å nytte søkjefeltet, og vel så "Lag fargeleggingskart" i menyen som dukkar opp.
Tips: Det blir flest mønster der det er mange vegar!
For å gjera det lettare for deg, har vi også gjort klar nokre utskriftklare pdf-ar med dei største byane i Noreg. Skriv ut og finn fram fargestiftar.
- Last ned fargeleggingskart frå Bergen (pdf)
- Last ned fargeleggingskart frå Bodø (pdf)
- Last ned fargeleggingskart frå Drammen (pdf)
- Last ned fargeleggingskart frå Hamar (pdf)
- Last ned fargeleggingskart frå Hønefoss (pdf)
- Last ned fargeleggingskart frå Kristiansand (pdf)
- Last ned fargeleggingskart frå Molde (pdf)
- Last ned fargeleggingskart frå Oslo (pdf)
- Last ned fargeleggingskart frå Oslo med slottet (pdf)
- Last ned fargeleggingskart frå Sandvika/Bærum (pdf)
- Last ned fargeleggingskart frå Sarpsborg - rådhuset (pdf)
- Last ned fargeleggingskart frå Sarpsborg - Torsbekk kai (pdf)
- Last ned fargeleggingskart frå Skien (pdf)
- Last ned fargeleggingskart frå Stavanger (pdf)
- Last ned fargeleggingskart frå Steinkjer (pdf)
- Last ned fargeleggingskart frå Trondheim (pdf)
- Last ned fargeleggingskart frå Tromsø (pdf)
- Last ned fargeleggingskart frå Vadsø (pdf)
The mail has been sent!