Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Kvar er midtpunktet i Noreg?

Noregs arealtyngdepunkt ligg i Steinkjer kommune i Trøndelag. Her finn du også lista over kva som er midtpunkt i alle fylke og kommunar.

I fleire år har stader på Helgeland i Nordland kjempa om tittelen "Noregs midtpunkt". Men dette er sjølvsagt avhengig av korleis ein reknar. Kartverket har tatt omsyn til arealet for heile Noreg og rekna ut eit arealtyngdepunkt. Dermed blir det ein stad i Trøndelag som kan få tittelen midtpunktet i Noreg.

Kartverkets utrekning

Punktet er i Steinkjer kommune, Trøndelag, om lag midt mellom Vakkerlifjellet og Skjækervatnet, på kartblad 1822 IV Vera i Noreg 1:50 000, med desse koordinatane:

63° 59' 26'' nord, 12° 18' 28'' aust, eller 7 098 745 N, 368 304 E (UTM sone 33)

Midtpunktet er rekna ut ved at eitt representasjonspunkt for kvar kommune er multiplisert med tilhøyrande areal og deretter midla.

Sentrum av Oslo

Kartverket har òg rekna ut arealtyngdepunktet for hovudstaden og kome fram til at Oslos midtpunkt ligg rett aust for Nedre Blanksjø, med følgjande koordinatar:

59° 58' 51.57'' nord, 10° 44' 22.05'' aust, eller 6 650 570 N, 597 071 E (UTM sone 32)

Sjå Oslos midtpunkt i kartet

I tabellane under kan du sjå kva som er midtpunkt i alle fylke og kommunar her i landet. Merk at i Vaksdal og Stad havnar midtpunktet faktisk i nabokommunane på grunn av kommunanes utforming.

Her kan du laste ned listene i PDF-format.

Midtpunkt for norske fylke

Midtpunkt for norske kommunar

Midtpunkt for norske fylke

Midtpunkt for norske kommunar

Share