Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Skal sikre trygg ferdsel til sjøs med KI

Kartverket er forskingspartnar i verdas første maritime forskingssenter for kunstig intelligens.

 Eit større lasteskip ligg til hamn i ein haustdag i Bergen.
NAVIGASJON: Forskarar frå Kartverket skal sjå på moglegheitene for å effektivisere og skape meir nøyaktige dynamiske navigasjonstenester for maritime brukarar. Foto: Mostphotos

– Dette er ei anerkjenning av Kartverket og det samfunnskritiske oppdraget vi har i å sikre effektiv og trygg ferdsel ved kyst og på hav, seier fagdirektør Henning Sundby i sjødivisjonen i Kartverket.

Det maritime forskingssenteret Norwegian Maritime AI Centre, som no er under etablering, fekk i haust 100 millionar kroner frå Forskingsrådet og status som nasjonalt forskingssenter for kunstig intelligens.

Senteret blir leia av NTNU og skal utvikle teknologi og auke innovasjonen for maritime aktørar ved bruk av kunstig intelligens. Kartverket er forskingspartnar og også medlem i interimsstyret. 

Meir nøyaktige og dynamiske navigasjonstenester

Forskarar frå Kartverket skal sjå på moglegheitene for å effektivisere og skape meir nøyaktige dynamiske navigasjonstenester for maritime brukarar.

Tenestene er kopla til den internasjonale hydrografiske organisasjonen (IHO – International Hydrographic Organization) sin S-100 informasjonsmodell. Dette arbeidet skal gjerast i tett samarbeid med mellom anna Electronic Chart Centre (ECC) og Kystverket.

KI-forsterkande datastraumer

Konseptskisse for KI-forsterkande datastrøymer i Norsk maritimt KI-senter.
DATASTRAUMER: Konseptskisse for KI-forsterkande datastraumer i Norsk maritimt KI-senter. Kjelde: Kartverket

Skissa over viser korleis ulike typar data frå det maritime området – til dømes data om bølgar, straum, djup og hamner – kan spele saman for å lage smarte KI-modellar. Desse modellane kombinerer informasjon frå fleire kjelder og gir betre og meir oppdatert innsikt i kva fartøyet gjer.

Dette kan til dømes hjelpe med:

  • å oppdage og forhindre farlege situasjonar
  • å gjere sjøtransporten mellom hamner meir effektiv
  • å gi betre oversikt for trygg navigasjon

Det lyseblå området i figuren viser navigasjonskritisk informasjon. Denne informasjonen skal formidlast via standarden S-100 for elektroniske sjøkart. Dette arbeidet har Kartverket og ECC ansvar for å sette saman og distribuere til maritime aktørar.

S-100 «Universal Hydrographic Data Model» er eit rammeverk for fleire internasjonale standardar for hydrografisk informasjon, til dømes detaljerte terrengdata, tidvatn, vasstand og elektroniske sjøkart (ENC – Electronic Navigational Charts).

S-100 universell hydrografisk datamodell.
S-100: Den universelle hydrografiske datamodellen S-100 er eit rammeverk for fleire internasjonale standardar. Kjelde: International Hydrographic Organization

Partnarar Norwegian Maritime AI Centre 

Forskingsmiljø:

Universitetet i Oslo, Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo, Forsvarets Høgskole, Sintef Nordvest, Meteorologisk Institutt, Kartverket.

Bedrifter:

Kongsberg Gruppen, Equinor, DNV, Vard Group, Brunvoll, Dipai, Ulstein International, Corvus Energy, Astrup Fearnley Code, Susteni, Breeze Ship Design, OSC, Inmarsat Solutions, Remota, Havila Holding, Reach Subsea, Tärntank Ship Management, Klaveness, Utkilen, Vake, Electronic Chart Centre.

Andre:

Fremtidens Industri, Norges Rederiforbund, Sjøfartsdirektoratet, ÅKP, Kystverket, Maritimt Forum Midt-Norge, Maritime Cleantech, Sustainable Energy, Testination, Norsk Sjømannsforbund, Sjøforsvaret, Forsvarets Operative Hovedkvarter.

Share
XPPT