Det offentlege kartgrunnlag
I løpet av sommaren valde siste kommunen i Vestland sitt DOK, dermed har vi nådd målet om 100 prosent!
Kva er DOK?
Det offentlige kartgrunnlag (DOK) er offentlege geografiske data som er tilrettelagt for kommunanes plan- og byggesaksarbeid. Formålet med DOK er å sikre at planlegging og saksbehandling skjer effektivt og basert på kunnskap.
Per 10. juli har alle kommunane i Vestland fylke valgt DOK for første gong - ein milepæl.
Oversikt som kan sorterast per kommune finn du nedst på sida.

Kva for datasett inngår i din kommune sitt DOK?
Ei oversikt over kva for DOK-datasett som gjeld for din kommune finn du på geonorge.no
Gå til geonorge.no og vel kommunen i nedtrekksmenyen
Kva er DOK-tilleggsdata?
DOK-tilleggsdata er datasett som ikkje står på DOK-lista til departementet. Dette kan vera datasett som er produsert og / eller eid av kommunar, fylkeskommunar, andre regionale parter, statsforvaltar eller andre statlege etatar.
Kommunevis status for val av DOK og DOK tilleggsdata 2025
Tabellen under viser status for val av DOK i Vestland, og vert løpande oppdatert.
Tips: Du kan søkje i tabellen, eller sortere ved å klikke på tittelen i ei av kolonnene.
The mail has been sent!