Siste oppdatering

Vasstand til NN2000 eller middelvatn?

Både Normalnull 2000 (NN2000) og middelvatn er mogelege referansenivå i menyane ved søk etter vasstandsdata på Se havnivå, men kva skal du velje?

Viss du vil ha vasstand og nivåskisser som høgder relatert til same null som landkarta bruker, vel du NN2000. Dette gjeld til dømes ved bygging i strandsonen.

NN står for "normalnull" og blir saman med eit årstal brukt til å gje namn til høgdesystema på land. Normalnull 2000 er det nye nasjonale høgdesystemet som har tatt over etter normalnull 1954. Når det i eit nytt landkart står kor mange meter over havet (moh.) eit fjell eller ein innsjø ligg, så er det NN2000 som er nullnivået.

Vil du sjå på variasjonen i høg- og lågvatn (flo og fjære) og kanskje samanlikne dette for to ulike stadar, vel du middelvatn som referansenivå. Middelvatn er gjennomsnittet av observert vasstand éin stad over ein periode på 19 år. Vasstand og nivåskisser relatert til middelvatn visar difor best kor store utslag tidvatnet har ulike stadar.

Se havnivå gjev samanhengen mellom normalnull og middelvatn

Det er viktig å presisere at tenesta Se havnivå presenterer forholdet mellom høgdesystem og middelvatn.

Ved dei permanente vasstandsmålarane har vi eit punkt som vi veit kor er, både i forhold til middelvatn og i forhold til høgdesystemet på land. Samanhengen mellom normalnull og middelvatn er difor godt definert akkurat der vi har ein permanent vasstandsmålar, men i områda mellom desse blir det gjeve eit beste estimat. Difor er det berre for stadane med permanente vasstandsmålarar at nivåskissene viser både NN1954 og NN2000. For andre stadar blir berre NN2000 vist i nivåskissa.

Dersom du treng å rekne om høgdedata fra NN1954 til NN2000, må du kontakte kommunen eller nærmaste fylkeskartkontor for å få vite kor stor skilnaden mellom nytt og gamalt høgdesystem er i ditt område.

Når du veit samanhengen mellom normalnull og middelvatn har du stort sett det du treng. Sjøkartnull og dei andre viktige vasstandsnivåa er alle veldefinerte i forhold til middelvatn, og er tilgjengeleg for (nesten) alle stadar langs norskekysten.

Kartverkets retningsliner for bruk av NN2000.

Korleis er høgdesystema og middelvatn knytt saman?

Forholdet mellom middelvatn og normalnull er godt definert akkurat der vi har ein permanent vasstandsmåler. Ved disse ligger NN2000 2-24 cm over Middelvann.

For alle andre stader gjev vi eit beste estimat, basert på en avansert metode for interpolasjon mellom dei permanente vasstandsmålarane. 

Middelvatn endrar seg over tid

Dagens middelvatn er basert på perioden 1996–2014, men fram til hausten 2015 var middelvatn basert på perioden 1979–1997. For dei fleste av dei 24 permanente vasstandsmålarane der ein i 2015 berekna nytt middelvatn, var endringa av middelvatn på mindre enn 2 cm. Nokre stadar ligg nytt middelvatn høgare enn tidlegare, andre stadar lågare. Endringane skuldast ein kombinasjon av havnivåendring, landheving og betre datakvalitet.

Referansenivå

Skisse som viser sammenhengen mellom de ulike referansenivåene for høyder og dybder. Merk at friseilingshøyde også er fysisk vertikal klarering.

Nyttig

Vasstandsnivå

Lurar du på kva for refereansenivå du skal bruke? Det finnast fleire referansenivå for vasstand, men dei to viktigaste er middelvatn og sjøkartnull.

Kva er eit referansenivå?

For å kunne bestemme høgder og djup må ein ha noko å referere til - eit nullnivå. Det finnast fleire ulike referansenivå i Noreg for djup og høgder i kart og anna geografisk informasjon.

Kor høg bør brygga vere?

Byggjer du brygga for låg, vil den stå under vatn ved høgvatn. Er den for høg blir det vanskeleg å kome seg opp av båten. Her er metoden som hjelper deg å finne den ideelle høgda på brygga di.

Del