Viss du vil ha vasstand og nivåskisser som høgder relatert til same null som landkarta bruker, vel du NN2000. NN står for "normalnull" og blir saman med eit årstal brukt til å gje namn til høgdesystema på land. Normalnull 2000 er det nye nasjonale høgdesystemet som har tatt over etter normalnull 1954. Når det i eit nytt landkart står kor mange meter over havet (moh.) eit fjell eller ein innsjø ligg, så er det NN2000 som nullnivået, ikkje middelvatn.

Vil du sjå på variasjonen i høg- og lågvatn (flo og fjære) og kanskje samanlikne dette for to ulike stadar, vel du middelvatn som referansenivå. Middelvatn er gjennomsnittet av observert vasstand éin stad over ein periode på 19 år. Vasstand og nivåskisser relatert til middelvatn visar difor best kor store utslag tidvatnet har ulike stadar.

Se havnivå gjev samanhengen mellom normalnull og middelvatn

Det er viktig å presisere at tenesta Se havnivå presenterer forholdet mellom høgdesystem og middelvatn.

Ved dei permanente vasstandsmålarane har vi eit punkt som vi veit kor er, både i forhold til middelvatn og i forhold til høgdesystemet på land. Samanhengen mellom normalnull og middelvatn er difor godt definert akkurat der vi har ein permanent vasstandsmålar, men mellom desse blir det gjeve eit beste estimat. Difor er det berre for stadane med permanente vasstandsmålarar at nivåskissene viser både NN1954 og NN2000.

For andre stadar blir berre den gjeldande normalnullen vist i nivåskissa. Dette fordi differansen mellom dei to normalnullane i ei slik skisse ikkje nødvendigvis vil stemme overeins med dei offisielle omrekningstala.

Ved omrekning av høgdedata frå NN1954 til NN2000 skal kotekart frå Kartverket eller kommunen brukast. Det er desse som gjev det riktige forholdet mellom dei to høgdesystema.

Når du veit samanhengen mellom normalnull og middelvatn har du stort sett det du treng. Sjøkartnull og dei andre viktige vasstandsnivåa er alle veldefinerte i forhold til middelvatn, og er tilgjengeleg for (nesten) alle stadar langs norskekysten.

Kartverkets retningsliner for bruk av NN2000.

SØK PÅ SE HAVNIVÅ: Ved søk etter vasstandsdata kan du for dei fleste stader få vasstand og nivåskisser til det gjeldande høgdesystemet. Skjermdump frå kartverket.no/sehavniva.

Korleis er høgdesystema og middelvatn knytt saman?

Forholdet mellom middelvatn og normalnull er godt definert akkurat der vi har ein permanent vasstandsmåler, medan vi for alle andre stader gjev eit beste estimat.

Dette beste estimatet for NN1954 i forhold til middelvatn, var som regel basert på ein grov interpolasjon mellom dei permanente vasstandsmålarane. Men nokre stadar har også lokal informasjon frå vasstandsmålingar knytt til NN1954 vore brukt.

Avstanden mellom NN1954 og middelvatn varierer ganske mykje i enkelte område, og det kan difor vere vanskeleg å seie kva som var det beste estimatet for ein gjeven stad.

Det beste estimatet for NN2000 i forhold middelvatn blir også basert på ein slags interpolasjon mellom dei permanente vasstandsmålarane, men her blir ein finare og noko meir avansert metode brukt.

Samanliknar ein beste estimat for NN1954 over middelvatn med beste estimat for NN2000 over middelvatn, vil ein dei fleste stadar få ein differanse som ikkje stemmer med overgangen mellom dei to høgdesystema. Noko av dette skuldast forbetringane som er gjort i det nye høgdesystemet. Modellen for NN2000 til middelvatn er rekna for å generelt vere betre enn estimata for NN1954 over middelvatn.

Middelvatn endrar seg over tid

Dagens middelvatn er basert på perioden 1996–2014, men fram til hausten 2015 var middelvatn basert på perioden 1979–1997. For dei fleste av dei 24 permanente vasstandsmålarane der ein i 2015 berekna nytt middelvatn, var endringa av middelvatn på mindre enn 2 cm. Nokre stadar ligg nytt middelvatn høgare enn tidlegare, andre stadar lågare. Endringane skuldast ein kombinasjon av havnivåendring, landheving og betre datakvalitet.

ENDRING I MIDDELVATN: Nokre stadar ligg middelvatn for 1996-2014 høgare enn det gamle middelvatn (postitive verdiar), andre stadar lågare (negative verdiar). Endringane skuldast ein kombinasjon av havnivåendring, landheving og betre datakvalitet. Illustrasjon: Kartverket

Dei fleste stadane der nytt middelvatn ligg lågare enn før, er stadar med sterk landheving, slik som Oslo, Oscarsborg, Narvik, Kabelvåg og ikkje minst Ny-Ålesund. Ny-Ålesund er ein av to stadar med ei endring på heile 8 cm, og på Svalbard skuldast det i hovudsak den sterke landhevinga. Trondheim er den andre staden med ei stor endring, men her kjem endringa i hovudsak av eit mykje meir påliteleg datagrunnlag enn tidlegare.

 

 HØGDER OG DJUP: Illustrasjonen visar samanhengen mellom dei ulike referansenivåa for høgder og djup. Klikk på bildet for å sjå større versjon (pdf opnast i nytt vindu).