Siste oppdatering

Nye kystkart i Troms og Finnmark

Kystkart nr. 313 Lopphavet - Mehamn og nr. 324 Mehamn - Grense Jakobselv, er utgjeve som nye sjøkart. Med det er moderniseringa av kystkartserien fullført, og sjøkart nr. 322 og 325 teke ut av kartporteføljen.

Dei nye kystkarta, nr. 313 Lopphavet - Mehamn og nr. 314 Mehamn - Grense Jakobselv vart begge utgjevne 24. november 2021.

Karta trykkast ikkje, men plottast på bestilling gjennom Print on Demand-tenesta.

Eldre kystkart i dette området, kart nr. 322 og 325, er no teke ut av Kartverkets portefølje og er ugyldige.  

Sjøkarta nr. 313 og 314 er i målestokk 1:350 000 og inngår i Kartverkets kystkartserie. Karta inngår òg i den internasjonale hydrografiske organisasjonen (IHO) sin internasjonale kartserie, og har i den samanheng kartnummer INT 9316 og INT 9317.

No er kystkartserien komplett med ti kartblad. 

Kjøpe sjøkart

Kartverket sel ikkje papirkart, men lagar kartfiler som forhandlarar trykkjer for deg, såkalla Print on Demand-kart (POD).

Sjå oversikt over Kartverkets forhandlarar som du kan bestilla papirkart hos.

Dekningsområde til karta

Dei to nye karta dekkjer kysten frå Lopphavet til grensa mot Russland.

Endringar i desse utgåvene

Karta er redigert frå dei mest moderne dataa me har i desse områda, mellom anna nye data i Barentshavet frå Mareano-programmet.

Kystkarta blir brukt til navigering i kyststrøk som ikkje er dekt av hovudkartserien, i utanskjers seglas langs kysten, og dessutan på fiskebankane. Kystkarta inneheld difor lite djupnedata nære kysten.

Stadnamn er oppdatert etter opplysningar henta frå Sentralt stadnamnregister (SSR).

Alle sikkerheitskritiske oppdateringar, rettingar og tracingar til offisielle norske sjøkart er gratis tilgjengeleg via den digitale tenesta for Efs, kartverket.no/efs.

Slik er karta merka:

Gitt ut av Kartverket 2021. POD: 24. november 2021. Retta t.o.m. Efs nr 21/21.

Karta har følgjande avgrensingar:

Kystkart nr. 313, INT 9316: 
SW hjørne: 69°50’N, 19°45’E
NE hjørne: 72°00’N, 28°15’E

Kystkart nr. 314, INT 9317:
SW hjørne: 69°30’N, 27°00’E
NE hjørne: 72°00’N, 33°00’E

Elektroniske sjøkart

Områda som blir dekt av sjøkarta er òg dekt av ENC-ar (elektroniske kartceller).

Ny utgåve

Ei ny utgåve av eit eksisterande kart inkluderer endringar viktig for navigasjon, i tillegg til endringar som tidlegare er kunngjort i Etterretninger for sjøfarande (Efs). Når ei "ny utgåve" av sjøkartet blir gitt ut, vil tidlegare utgåver vere forelda og dermed ugyldige.

Det blir presisert at store delar av kartet er uendra. Kartnummeret blir ikkje endra, med unntak av tilføying av INT-nummer når sjøkartet blir eit internasjonalt kart (INT-kart).

Norske sjøkart blir utgjevne som POD-kart, ny utgåve og nytt kart. Les meir i artikkel om kystkart.

Kontakt

Les meir

Bruk sjøkart - få ei betre oppleving på sjøen

Kor er det trygt å ferdast? Kor er det fint å leggje til? Kor er den magiske fiskegrunna? Det er ingen grunn til å gå på grunn! Bruk sjøkartet til å gjere deg kjendt med området du skal segle i.

Datakvalitet i norske sjøkart

Ver obs på kvaliteten på djupnedataa i sjøkartet! Er det område som aldri har blitt kartlagt eller som er sjømålt med handlodd før år 1960? Sjekk kjelde-/ZOC-diagram som gir info om kor nøyaktig djupnedataa er i kartet.

Se havnivå, vasstand og tidvatn

På tenesta Se havnivå finn du informasjon om observert og varsla vasstand, flod, fjære og tabellar for tidvatn ved å søke på ein stad. I tillegg er der artiklar om referansenivå, havnivå, tidvatn og vasstand.

Del