Siste oppdatering

Oppdaterte tenester på høydedata.no

Vi har rydda opp i wms- og wcs-tenester frå høydedata.no. Fleire tenester er avvikla og samla i nye. 

Det var etter kvart blitt veldig mange wms- og wcs-tenester frå høydedata.no på Geonorge. Etter ein real ryddesjau er fleire tenestar slått saman. Den 15. september blei 49 wms- og wcs-tenestar fjerna, og er erstatta av 28 nye.  

Oversikt over alle dei gjeldande tenestene frå høydedata.no finn de i kartkatalogen på Geonorge

Endringa blei varsla på Geonorge i juni i register over alle varsel i Geonorge, og 14. september på driftsmeldingssida status.kartverket.no

Skjermdump fra geonorge.no som viser utdrag fra register over alle varsler registrert i Geonorge.
VARSEL-REGISTER: Viss du vil vite meir om kva teneste på høydedata.no som erstattar den som er fjerna, klikk på lenka «vis» i kollonna «detaljer» i varsel-registeret. 

Høydedata.no 

Kartverkets høgdedata, eller terrengdata, er gratis og tilgjengeleg både for nedlasting og gjennom API. Dei kan mellom anna nyttast til flaum- og rasanalyser, berekning av vegtrasear, masseberekning og arealplanlegging i 3D. 

Alle høgdedataa er tilgjengelege på høydedata.no. Dei er samla inn gjennom prosjektet nasjonal detaljert høgdemodell som starta i 2016 og varar fram til og med 2022. 

Del