Siste oppdatering

Stor oppslutning om kurs i forvaltning av digitale planregister

Med midler frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) arrangerte Kartverket kurs i forvaltning av digitalt planregister i haust. Vi håpar å tilby kurs i den teoretiske delen av planforvaltninga til våren.

Kontaktperson

Spørsmål o.a. kan rettes til koordinator for kursa i Kartverket:

aase.midtgaard.skrede@kartverket.no

Kursa i forvaltning av digitalt planregister var i samarbeid med program-vareleverandørane; Geodata, Norconsult og Norkart.

Kursplassar etter «Første-mann-til-mølla-prinsippet»

På grunn av koronasituasjonen vart kursa arrangert digitalt. Kursplassar vart tildelt etter «Første-mann-til-mølla-prinsippet» og påmeldinga vart over all forventning.

Mange havna på venteliste og vi fekk derfor ei ekstraløyving frå KMD for å kunne tilby endå fleire kursplassar.

Det vart til saman arrangert 15 kurs i løpet av ein 5-vekers periode i oktober/ november. Kursa gjekk over ein dag, og vart haldne av 3 ulike programvareleverandørar:

  • Geodata - 1 kurs
  • Norconsult - 4 kurs
  • Norkart - 10 kurs

Omlag 280 kommunetilsette, fordelt på 178 ulike kommunar, har deltatt på denne kursrunden og vi har fått gode tilbakemeldingar frå fornøgde deltakarar.

Kartverket si rolle

Kartverket har bidratt med praktisk tilrettelegging i forkant av kursa og som kursassistent på kursdagane.

Det har vore nyttig for Kartverket å få meir innblikk i korleis den praktiske planforvaltninga foregår i kommunane.

Teoretisk del til våren?

Dei gode tilbakemeldingane frå deltakarane gjer at vi håpar å tilby kurs i den teoretiske delen av planforvaltninga til våren.

Hovudfokus blir då på rutiner for å sikre god forvaltning av planregister.

Del