Siste oppdatering

Eigedomsdata blir gratis

Eigedomsdata frå Kartverket er frå årsskiftet gratis tilgjengeleg for gründerar og andre offentlege og private verksemder.

Fakta Matrikkel og grunnbok

Matrikkelen er det offisielle registeret over fast eigedom, og omfattar mellom anna bygningar, bustader/brukseiningar, fysiske adresser og eigedomar med eigedomsgrenser.

Grunnboka er det nasjonale registeret over alle tinglyste rettar og hefte på fast eigedom og burettslagsandelar.

Matrikkelen og grunnboka inneheld ei rekkje opplysningar som er nødvendige for planlegging, utbygging, statistikk, bruk og vern av fast eigedom. Data frå matrikkelen og grunnboka kan også nyttast i nye tenester som gir publikum og profesjonelle i eigedomsmarknaden enkel tilgang til eigedomsinformasjon.

Kartverket har to store register med eigedomsdata: Matrikkelen er det nasjonale eigedomsregisteret. Grunnboka er registeret over alle tinglyste rettar og hefte på fast eigedom og andelar i burettslag. Privat næringsliv har hatt tilgang til begge registera også tidlegare, men mot betaling. No kan verksemdene kople seg opp mot registera gratis og hente ut dei dataa dei ønskjer.

Fordi slike data inneheld personopplysningar, må verksemdene oppfylle visse krav som er stilt i ei eiga forskrift. Dei må også skrive under på ein avtale med Kartverket.

Dei som koplar seg opp mot dei to registera, vil både kunne gjere enkeltoppslag og hente ut store mengder data (massivuttrekk). Dei vil vidare kunne få tilgang til endringslogg slik at dei enkelt kan oppdatere eigen database. I tillegg kan dei mellom anna hente ut førehandsdefinerte utskrifter som til dømes grunnboksutskrift.

Bakgrunnen for at eigedomsdata blir gjort gratis, er eit ønskje om å gi fleire verksemder, særleg mindre aktørar i oppstartsfasen, høve til å bruke slike data for å utvikle nye produkt eller integrere dei i eksisterande løysingar. Det kan utløyse innovasjon og verdiskaping.

Mykje eigedomsinformasjon er allereie gratis tilgjengeleg både for verksemder og privatpersonar. På Se eiendom kan du sjå kva som er registrert i eigedomsregisteret og grunnboka på alle eigedomar i Noreg. Du kan også ringe Kartverkets kundesenter og få hjelp til å finne eigedomsinformasjon og få det lese opp.

For utviklarer og andre som vil laste ned data, har vi nyleg gjort gratis tilgjengeleg to datasett med bygningspunkt og eigedomskart som inneheld utvald informasjon frå matrikkelen.

Bekrefta grunnboksutskrift og bekrefta kopiar av tinglyste dokument frå panteboka er framleis ikkje gratis. Dette er dokument som er er stadfesta av offentlig styresmakt og kan tingast mot betaling.

Les meir om eigedomsdata og korleis verksemda di får fri tilgang her.

Del