Siste oppdatering

Foreslår gratis eigedomsdata frå Kartverket

Gründerar og verksemder i offentleg og privat næringsliv kan no glede seg over at eigedomsdata frå Kartverket kan bli gratis.

Regjeringa foreslår å gjere eigedomsdata frå Kartverket tilgjengeleg utan brukarbetaling, då statsbudsjettet for 2021 ble lagt fram i dag. Kartverket har årlege inntekter på 10-11 millionar kroner på sal av eigedomsdata, som omfattar mellom anna data om tinglyst heimel, pengehefte og bruksrettar frå grunnboka og eigedomsgrenser frå matrikkelen (det nasjonale eigedomsregisteret). Med framlegget frå regjeringa vil dette bli dekt av staten.

Viktig for verdiskaping og innovasjon

Tilgang til offentlege data er viktig for verdiskaping og innovasjon i mange verksemder. Regjeringa foreslår derfor 11 millionar kroner til frikjøp av eigedomsdata frå Kartverket, seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup i ei pressemelding frå departementet.

Tilrettelegge på ein brukarvenleg måte

Direktør for eigedomsdivisjonen i Kartverket, Hannah Cook, helsar framlegget i statsbudsjettet velkomen.

- Dette er ei strategisk avgjerd, som vi helsar velkomen. Eigedomsdataa våre har lenge vore tilgjengeleg for dei som har betalingsevne, og dette har gjort at mange mindre aktørar ikkje har kome på banen. Vi gler oss over at Kartverket no kan legge til rette for meir verdiskaping i samfunnet, og at det kan kome nye produkt og tenester basert på våre eigedomsdata, seier Cook.

Direktøren seier at Kartverket i tida framover skal legge til rette at samfunnet skal få eigedomsdataa på ein brukarvenleg måte.

Del