Siste oppdatering

Ny runde med historiske ortofoto i Vestland fylke

Historiske ortofoto gir eit blikk bakover i tid, til støtte for framtidig planlegging. I Vestland fylke har runde 1 med historiske ortofoto vore tilgjengeleg eit par år på norgeibilder.no. Etter ønske frå partane i Geovekst-samarbeidet er no også ei runde 2 med historiske ortofoto starta. Ortofoto frå denne runden vert etter planen tilgjengeleg i løpet av 2022.

Kontaktperson

Kartverket Vestland

olav.asbjorn.havik@kartverket.no

Runde 1 gir eit tilbakeblikk til 1950-1970-talet i alle kommunane i fylket. For å gi eit betre bilete av historikken i landskapet er det ønske frå partane i Geovekst-samarbeidet om å fortsette med ei runde 2 med historiske ortofoto frå 1980-talet.

Klikk for heile bilete.png

Eksempel på landskapsendring ved Åsane terminal i Bergen kommune

Eksempel på landskapsendring ved Åsane terminal i Bergen kommune (klikk i biletet i norgeibilder.no for å få verktøyboks for å samanlikne bilete). Mange elvar og bekkar ligg skjult under bakken i veiter, rør og kulvertar. I historiske ortofoto kan ein finne tilbake til opphavelege elveløp. Historisk ortofoto frå 1951 samanlikna med nytt ortofoto frå 2019 (Kjelde: norgeibilder.no)

Nyttig verktøy i samfunnsplanlegging

Historiske ortofoto gir ofte godt innsyn til bakken på grunn av beitedrift i utmark og lite vegetasjon. Bileta viser mange opphavelege landsapselement utan omfattande naturinngrep. Ein kan finne mange velstelte kulturlandskap, mykje inngrepsfri natur, samanhengande gamle bygdevegar og fyldige brearmar.

Skredsoner og skredvifter i beitelandskap er gjerne godt synlege, og bekkar og vassdrag følgjer i stor grad sine naturlege løp med intakte flaumsoner. Slik kan bileta gi verdifulle innspel i arbeidet med klimatilpassing i områder der ein har hatt stor byggeaktivitet inntil skredvifter, elveløp og på elvedelta.

Bileta er nyttige for samfunnsplanlegging i høve skred, flaum og havnivåendring, planarbeid og sakshandsaming, forsking og jordskifte, og dei vil også være interessante for historieinteresserte privatpersonar.

Klikk for større bilete.png

Stryn-1967-2020.png

Eksempel på landskapsendring i Stryn 1967-2020 (klikk i biletet i norgeibilder.no for å få verktøyboks for å samanlikne bilete). Mange vassdrag i fylket har hatt stor utfylling og byggeaktivitet inntil elveløp og på elvedelta, med dei utfordringar dette fører med seg i høve flaum og stormflo/havnivåendring (Kjelde: norgeibilder.no).

Klikk for heile bilete.png

Den gamle postvegen ved Drægebø bru (vernstre side). Den gamle postvegen ved Trangane bru (til høgre)

Kva landskapselement kan ein ta med vidare i samfunnsutviklinga? Eksempel på møte mellom eldre og nyare generasjonar veg. Til venstre: Ny E39 kryssar over den gamle postvegen ved Drægebø bru sør i Sunnfjord kommune. Til høgre: Den gamle postvegen ved Trangane bru i Gulen kommune er rydda for stein etter 1974 og går velstelt parallelt med den nyare Gulafjordvegen (Kjelde: Norge i bilder mobilapp).

Historiske ortofoto; runde 1 og runde 2

Runde 1; 1951 - 1977

Runde 1 med historiske ortofoto vart gjennomført i regi av Geovekst-samarbeidet i 2017/2018. Til saman vart det over 15 000 flyfoto fordelt på 48 flyoppgåver (flyoppdrag) frå tidsperioden 1951-1977.

Alle desse flyoppgåvene er tilgjengeleg på norgeibilder.no og alle kommunane i fylket har no historiske ortofoto.

Runde 2; 1980-talet

Ønske om runde 2 kjem frå fylkesgeodatautvalet i Vestland fylke. Målet er å få historiske ortofoto frå 1980-talet som kan fylle ut tidsromet mellom ortofoto i runde 1 og nye ortofoto.

Kartverkets sentralarkiv for flyfoto har laga eit forslag til runde 2 som omfattar om lag 11 000 bilete fordelt over 46 flyoppgåver.

Det er i forslaget lagt vekt på å finne flyoppgåver av høveleg årgang i alle kommunar. Det er og lagt inn nokre flyoppgåver som dekker større områder i målestokk 1:40.000 i områder som elles ikkje er dekte.

Klikk for heile kartutsnittet.png

Til venstre; Runde 1 - historiske ortofoto (1951-1977) som er fullført. Til høgre; Runde 2 - planlagte historiske ortofoto frå 1980-talet

Til venstre: Runde 1 med historiske ortofoto (1951 - 1977) som er fullført og ligg tilgjengeleg på norgeibilder.no Til høgre: Runde 2 med historiske ortofoto slik det er planlagt med flyoppgåver frå 1980-talet

Kartverket vil etter planen hente ut og skanne desse flybileta framover våren/ sommaren 2021. Når bileta er ferdig digitalisert vert oppdraget med å produsere ortofoto sett vekk til eit kartleggingsfirma, som leverer ferdigproduserte flyoppgåver til fylkeskartkontoret for kontroll og publisering på norgeibilder.no.

Klikk for heile bilete.png

Eksempel på landskapsendring. Tømmertransport frå vatn til veg på Voss

Eksempel på landskapsendring. Tømmertransport frå vatn til veg på Voss (klikk i biletet i norgeibilder.no for å få verktøyboks for å samanlikne bilete). Historisk ortofoto frå 1958 samanlikna med nytt ortofoto frå 2020 (Kjelde: norgeibilder.no)

Ekstra nitratfoto – gamle perler i bonus frå arkivet

I tillegg til flyoppgåvene i runde 2 så har Kartverkets flybildearkiv ein del gamle og brannfarlige nitratnegativ som har vore prioritert for skanning, og som no er ferdig digitalisert.

Dette er ein økonomisk bonus frå arkivet ettersom det då berre er jobben med å produsere ortofoto som står att før publisering på norgeibilder.no (ein slepp kostnad til skanning).

Det er føreslått 21 flyoppgåver med nitratfoto, til saman 2 332 bilete frå tidsperioden 1935-1952 som er lagt inn i prosjektet.

Dei fleste av dei gamle nitratfotoa ser ut til å vise tettstadar og vegtrasear på 1940-talet, medan andre flyoppgåver dekker meir rurale områder. Dei viser til dømes myr-ressursar i Øygarden (1935), brearmar på Folgefonna og Jostedalsbreen (1937,1938), og reinsdyrteljing på Hardangervidda (1948).

Klikk for heile bilete.png

Eksempel på endringar i brelandskap på Folgefonna

Eksempel på endringar i brelandskap på Folgefonna (klikk i biletet i norgeibilder.no for å få verktøyboks for å samanlikne bilete). Smeltande is og minkande skiterreng på Fonna skisenter i Jondal i Hardanger mellom 1962-2019 (Kjelde: norgeibilder.no)

Landskapsendring over tid

Når ein samanliknar historiske og nye ortofoto kan ein sjå omfattande endringar i landskapet.

Omfanget av endring varierer. Generelt har det kome til mange fleire hus, vegar og bilar, og gjengroing pregar terrenget. Innimellom ser ein områder som er heilt uforandra. I nokre områder dukkar det opp nytt terreng og nye vatn der brearmane trekker seg tilbake.Andre stader er naturområder og busetnad heilt forsvunne og erstatta av større industrianlegg, flyplassar eller vegar.

Ei reise i ortofoto 50 år bakover i tid løftar fram spørsmålet om korleis landskapet skal sjå ut 50 år framover i tid.

Kva landskapselement er verdifulle å ta med vidare i samfunnsutviklinga?

Eit tilbakeblikk kan være til hjelp for stake ut ein kurs vidare. Det er vel med samfunnsplanlegging som med så mykje anna; dersom ein skal vite kvar ein skal gå, så må ein vite kvar ein kjem i frå.

Del