Siste oppdatering

Forvaltning, drift og vedlikehald i Rogaland

Alle kommunane i Rogaland har inngått ein FDV-avtale som regulerer det kontinuerlege vedlikehaldet av geografiske data. Avtalen inkluderer òg drift, distribusjon, rettar og sal av data. Vedlegga til avtalen blir revidert årleg.

Arbeidet med avtalene og oppfølging av pliktane i avtalen koordineres av Kartverket.

Kartverket si rolle i vedlikehaldsarbeidet har til no først og fremst vore å samle inn og kontrollere kartdata før dei blir lagra og distribuert vidare. Dette er blitt gjort minimum ein gong i året for kvar kommune. Innføring av geosynkronisering med SFKB (grensesnitt som muliggjer synkronisering av datalager med geografisk datainnhald på tvers av plattformar og systemløysingar) gjer

at data no vert oppdaterte meir eller mindre kontinuerlig. Vi satsar likevel på å ta ein årleg gjennomgang av data for kvar kommune (vedlikehaldsrunde) for å kontrollere det som blir lagt inn og sikre samordning mellom datasetta.

Innføring av SFKB

Alle kommunane i fylket oppdaterer no direkte i Sentral Felles Kartdatabase (SFKB ).

Sjå detaljane på geonorge.no

SFKB inneber at alle FKB-data er lagra hos Kartverket i ein felles base som alle med oppdateringsansvar for innhaldet har direkte tilgang på. Dermed er det ikkje lenger behov for innsending av data til faste tider. Data distribueres frå denne basen ein gong i døgnet.

Les meir om Sentral felles kartdatabase( kartverket.no)

Reduksjonsfaktor

Kommunane får økonomisk utteljing for det arbeidet dei gjer med FKB-data. Det er derfor innført eit system med reduksjonsfaktorar som minskar den avtalefesta utbetalinga dersom kommunen ikkje leverer gode nok data. Dette blir for tida målt gjennom to forhold:

  • Kor høg prosentdel av nye/ endra bygningar i matrikkelen som har flatedanning i FKB-Bygning eller FKB-tiltak. Dersom denne andelen er på minst 90%, blir det ingen reduksjon.
  • Kor mange av nye/ endra bygningar i matrikkelen som ligg i eit område som er registrert som jordbruksareal i AR5 (NB: gjeld ikkje bygg/ tiltak med bygningsstatus «igangsett»). Her er det tale om ein stykkpris per bygning.

Årsmøte

Kvart år blir det heldt årsmøte for alle Noreg digitalt-partar i fylket, vanlegvis i mars eller april månad.

Del