Grunnkretsar

Kommunane er delt inn i mindre grunnkretsar. Inndelinga er laga for å kunne rekna statistikk på eit meir detaljert nivå. Det er Statistisk sentralbyrå (SSB) som står bak grunnkretsane.

Det er viktig at det ikkje skjer for mange endringar i inndelinga, så ein kan nytta grunnkretsane til å sjå statistiske endringar over tid. SSB vedtek endringar i grunnkretsinndelinga basert på søknad med forslag frå kommunen.

Stemmekrets/valkrets

Ved val blir kommunane delte inn i mindre stemmekretsar (i matrikkelen kalla valkrets). Det skal vere ei praktisk inndeling med tanke på gjennomføring av valet, men stemmekretsane blir òg nytta til valstatistikk. Stemmekretsane er av svært varierande storleik, og dei blir ofte endra før eit val.

Kyrkjelyd

Kyrkja har si eiga administrative inndeling. Kyrkjelyd er den minste eininga og er eit distrikt som femner alle døypte kyrkjemedlemmar innan det avgrensa området. Det kan vere fleire kyrkjelydar i ein kommune. Fleire kyrkjelydar dannar eit prosti. Øvst er bispedømet, som er sett saman av fleire prosti.

Postnummerområde

Posten har òg si eiga administrative inndeling, som går på tvers av kommune- og fylkesgrensene. Inndelinga består av postsone som øvste nivå, dernest postregion. Så kjem postområde, og minste eining er postnummerområde.

Finn ut meir

I Se eiendom kan du få informasjon om kva for grunnkrets, kyrkjelyd, valkrets og postnummerområde du bur i.

Grunnkretsane blir utgitt i datasett frå Kartverket.

Grunnkretsar og postnummerområda til Posten kan du laste ned her.