Nyttårshelga 2017-2018 står vi ovanfor fire kommunesamanslåingar og den fyrste regionsamanslåinga. I Vestfold skal Larvik og Lardal bli Larvik kommune, Tjøme og Nøtterøy blir Færder og Hof og Holmestrand blir Holmestrand kommune. I Trøndelag Rissa og Leksvik blir Indre Fosen kommune, og Sør- og Nord-Trøndelag skal som første region slås saman og bli Trøndelag fylke.
Kartverket fortsett sit arbeid tett på samanslåingane, og som teknisk koordinator arbeidar vi både på den tekniske sida og med å dele og spreie informasjon til alle dei som er involvert. Vi arbeidar på spreng med vidareutvikling av vår sjekkliste for samanslåing, og delar våre erfaringar der vi kan. Her kan du sjå vår sjekkliste for samanslåing.

Delar erfaringane i Kommunal Rapport

Kommunal Rapport publiserte nylig eit lesarinnlegg skreve av prosjektleiar og teknisk koordinator for kommune- og regionreformane i Kartverket, Bernt Audun Strømsli. I innlegget omtalar han samanslåingane som eit godt utgangspunkt for ei digital ryddesjau:
- Samanslåing er ein utmerket muligheit til å rydde i egne system, få oversikt over dagens situasjon og sjå på korleis kvardagen kan forenklast og digitaliserast. Vær tidlig ute, så er tida og rommet for nytenking stort.

DIGITAL OPPRYDDING: I Kommunal Rapport peikar Strømsli på fleire moglegheiter for digital opprydding.


Strømsli arbeidar tett på kommunar, fylkeskommunar og statlige etatar som jobbar med samanslåingane i 2018 og 2020. Han legg ikkje skjul på at det er variasjon i den digitale modnaden i kommune-Noreg, men menar at ei god forankring og grundig arbeid vil få alle i hamn:
- Det vi ser, er at det er fleire som må ta inn over seg den kompleksiteten som følger med endringane i kommune- og fylkesreformene, på fleire nivå. Vårt hovudbodskap er at kommunar må starte kartlegginga av sine IKT-system tidlig, og at dette arbeidet forankrast høgt både administrativt og politisk.
Her kan du lese heile innlegget.

KS delar erfaringar

Kartverket jobba tett på samanslåinga i Sandefjord, og høsta gode og viktige erfaringar herifrå. KS arbeida også tett på Sandefjord, og i august publiserte dei rapporten  «Erfaringar og  lærdom frå samanslåingsprosessen mellom Sandefjord-Andebu-Stokke». Frå rapporten kan ein sjå at KS sit att med mange av dei same erfaringane som Kartverket. Under publiseringa var det fleire som heldt kommentarar, bland anna rådmann i Sandefjord kommune Gudrun H. Grindaker la vekt på at samanslåing er et stort stykke arbeid som man må angripe med grundighet:
- Samanslåing er ikkje for pingler. En elefant må etas bit for bit, uttalte Grindaker.
Fylkesstyreleiar i KS Vestfold, Hilde Hoff Håkonsen, presiserte at ei samanslåing er ei stor prosess som krevjar involvering av heile organisasjonen:
- Vi må aldri undervurdere betydinga av kjensler når noen må vike plass. Det går ikkje an å utreda seg til en samanslåing. Den må jobbast ut i fellesskap mellom leiare, tilsette og folkevalte, uttalte Hilde Hoff Håkonsen, Fylkesstyreleder i KS Vestfold. 

På bakgrunn av rapporten har KS laga ei anbefaling med gode råd til dei kommunane som står ovafor ei samanslåing. Råda til kommunane er samanfatta på denne sida. 

Les heile saken og sjå rapporten i sin heilhet på KS sine nettsider.