Kommunal kartlegging i 2019

Fylkesmenn, fylkeskommunar og kommunar kan søke om tilskot til kartlegging av tilgjengelegheita for uteområde. Friluftsråd, DNT og andre interesseorganisasjonar som etablerer eit samarbeid med kommune- eller fylkesforvaltinga kan også søke om middel til kartlegging. Målet er å bidra til at fylka og kommunane skal vere i stand til å utvikle og forvalte arbeidet med universell utforming på ein god og varig måte.

Framdriftsplan

  • 8. april 2019: Søknadsfrist
  • 23. april: Tilsegn om tilskot
  • Sommar/haust: Kartlegging i kommunane. Kartverket kvalitetssikrar data
  • Haust: Sluttrapport frå deltakarane. Kartverket evaluerer saman med deltakarane
  • Januar 2020: Sluttrapport skal leverast til KMD

Rettleiingskurs blir organisert fortløpande over heile landet etter tilsegn av middel. Plassering skal skje slik at alle reiser litt, men ingen reiser langt.

Det er sendt ut eit brev med informasjon om årets prosjektmiddel:

Tilskota har ei forventa ramme fra 30 000kr til 100 000kr for nykartlegging. Størrelsen på tilskotet vil spegle størrelsen på det foreslegne prosjektet. For prosjekt som gjeld oppdatering av eksisterande datasett er ramma på 5 000kr (små tettstader) til 10 000 (større tettstader og byar). Midla må nyttast i 2019.

Tilgjengelegheitsprosjektet i Kartverket

Kartverket er tildelt oppgåva å framskaffa data om tilgjengelegheita for byar, tettstader og friluftsområde. Kartverket si kartlegging av tilgjengelegheitsdata er del av eit større nasjonalt prosjekt om bruk av geografiske informasjonssystem for å hente inn og presentere data om universell utforming.

Arbeidet starta allereie i 2004 med kartlegging av tilgjengelegheita i Oslo sentrum. Ved utgangen av 2018 var det kartlagd:

  • Tettstader i 174 kommunar
  • Friluftsområde i 227 kommunar

Bildet under viser kommunane som har kartlagd tettstader og friluftsområde.


Trykk på bildet for større versjon

 Kart som viser kommuner som har kartlagt friluftsområder og tettsteder

I dei første åra av prosjektet vart feltarbeid gjennomført i regi av Kartverket med engasjement av sommarvikarar. Frå 2015 og vidare framover har kartleggingsarbeidet i større grad blitt gjennomført av kommunar og fylkeskommunar.

Kartverket arbeider med å gjere data tilgjengeleg for kommunane gjennom betre applikasjonar og brukargrensesnitt, og tilbyr kommunane opplæring og teknisk support. Kommunane står for praktisk gjennomføring av kartlegginga, og held sine data ved like.

Oppdatering 2018

  • Vurdering av tilgjengelegheit er tilpassa TEK17
  • Kategorien elektrisk rullestol er endra frå elektrisk rullestol klasse B til elektrisk rullestol klasse C (rullestol/skuter for utebruk). Det er rullestolar av klasse C som er brukt til å ferdes utandørs
  • Friluftsregistreringer har fått ein ny objekttype: skiløype
  • Graderinga "vanskeleg tilgjengeleg" er erstatta med "delvis tilgjengelig"