Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Felles referanseramme for sjø og land

Prosjektet "Felles referanseramme for sjø og land" vil knyte nullnivået for djupnedata saman med nullnivået for høgdedata, slik at desse enklare kan setjast saman og brukast i utrekningar.

Ulike referansenivå for sjø og land gjer det i dag utfordrande å setje saman djupne- og høgdedata i ein terrengmodell, da samanhengen mellom nullnivå til sjøs (sjøkartnull) og nullnivå på land (NN2000) berre er kjend i enkelte punkt langs kysten.

For at vi skal kunne gjere utrekningar, planlegge og forvalte kystsona, må vi vite korleis desse nullnivåa ligg i forhold til kvarandre over større område. Difor blir prosjektet "Felles referanseramme for sjø og land" gjennomført.

Gjennom vasstandsmåling, tyngdemåling og måling med GNSS skal prosjektet utvikle betre metodar til å knyte saman nullnivåa på sjø og land.

Første fase

Fase éin av prosjektet blei gjennomført i 2016–2017. Det blei da utvikla datamodellar for kystområdet på Søre Sunnmøre.

Andre fase

I fase to fokuserer prosjektet på vasstandsforholda i lange fjordar. Det er mellom anna samla inn vasstandsdata i Sognefjorden i eitt år.

I samarbeid med Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) på Ås er det utvikla ein modell for middelvatn for Norskekysten, basert på altimetridata frå satellitt. Bruk av altimetri blir også testa ut i nokre område i Sognefjorden.

Resultat

Resultata frå prosjektet vil mellom anna bidra til:

  • Meir effektiv kartlegging av sjø- og kystområda
  • Innsparing for prosjekt i kystområda
  • Eit betre grunnlag for forvalting og planlegging i kystområda
  • Utvikling av metodar for å utvide dette til andre delar av kysten

Kontakt

Kontaktperson er prosjektleiar Per Christian Bratheim, e-post per.christian.bratheim@kartverket.no eller telefon 32 11 80 00.

Share