Aktuelt

Kartverket kunngjør hermed at en ny søknadsrunde for kartleggingsmidlar i 2020 settas i gang!

Kommunal kartlegging i 2020

Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som gjennom Statens kartverk gir tilskudd til et utvalg av kommuner og fylker som vil gjennomføre kartlegging av tilgjengelighet av uteområder i kommunesentra eller friluftsområder. Målet er å bidra til at fylka og kommunane skal vere i stand til å utvikle og forvalte arbeidet med universell utforming på ein god og varig måte.

Framdriftsplan

  • 24. april 2020: Søknadsfrist
  • 8. mai: Tilsegn om tilskot
  • Sommar/ haust: Kartlegging i kommunane. Kartverket kvalitetssikrar data
  • Haust: Sluttrapport frå deltakarane. Kartverket evaluerer saman med deltakarane
  • Januar 2021: Sluttrapport skal leverast til Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Rettleiingskurs blir organisert fortløpande over heile landet, ev som digitalt møte (Skype/ Teams/ Slacks), etter tilsegn av middel.

Det er sendt ut eit brev med informasjon om årets prosjektmiddel:

Tilskota har ei forventa ramme fra 30 000 kr til 100 000 kr for nykartlegging. Størrelsen på tilskotet vil spegle størrelsen på det foreslegne prosjektet. For prosjekt som gjeld oppdatering av eksisterande datasett er ramma på kr 5 000 (små tettstader) til kr 10 000 (større tettstader og byar). Midla må nyttast i 2019.

Resultatene av kartleggingen presenteres på norgeskart.no. Datasettene «Tilgjengelighet tettsted» og «Tilgjengelighet friluft» er del av Det offentlige kartgrunnlaget (DOK).

Tilgjengelegheitsprosjektet i Kartverket

Kartverket er tildelt oppgåva å framskaffa data om tilgjengelegheita for byar, tettstader og friluftsområde. Kartverket si kartlegging av tilgjengelegheitsdata er del av eit større nasjonalt prosjekt om bruk av geografiske informasjonssystem for å hente inn og presentere data om tilgjengelegheit.

Arbeidet starta allereie i 2004 med kartlegging av tilgjengelegheita i Oslo sentrum. Ved utgangen av 2019 var det kartlagd:

  • Tettstader i 180 kommunar
  • Friluftsområde i 236 kommunar

Kartillustrasjonen under viser kommunane som har kartlagd tettstader og friluftsområde.

Klikk her for større versjon (jpg)

I dei første åra av prosjektet vart feltarbeid gjennomført i regi av Kartverket med engasjement av sommarvikarar. Frå 2015 og vidare framover har kartleggingsarbeidet i større grad blitt gjennomført av kommunar og fylkeskommunar.

Kartverket arbeider med å gjere data tilgjengeleg for kommunane gjennom betre applikasjonar og brukargrensesnitt, og tilbyr kommunane opplæring og teknisk support. Kommunane står for praktisk gjennomføring av kartlegginga, og held sine data ved like.

Oppdatering 2019/ 2020

  • Ny felles versjon av APP (frilufts App og tettsteds App slås samen) under utvikling
  • Desktopversjon (PC) av APP under utvikling
  • Felles objekttype «sittegruppe» for tettsted og friluft
  • Fleire eigenskapar for dekk ble lagt til (kvalitet, overflate, material)

Oppdatering 2018

  • Vurdering av tilgjengelegheit er tilpassa TEK17
  • Kategorien elektrisk rullestol er endra frå elektrisk rullestol klasse B til elektrisk rullestol klasse C (rullestol/skuter for utebruk). Det er rullestolar av klasse C som er brukt til å ferdes utandørs
  • Friluftsregistreringer har fått ein ny objekttype: skiløype
  • Graderinga «vanskeleg tilgjengeleg» er erstatta med «delvis tilgjengelig»