Status kartlegging i Møre og Romsdal
Vil du ha ferske laserdata eller det siste ortofotoa over Romsdal? Her finn du ein oversikt over pågåande kartleggingsprosjekt i regi av Geovekst i fylket.
Midsund laser 2022
Geovekstprosjektet omfattar laserskanning med punkttettleik på 10 punkt/m2 for eit område på omlag 95 km2 i Molde kommune. Dette er eit Geovekst-prosjekt som gjennomførast i samarbeid med Nasjonal detaljert høgdemodell (NDH).
Datafangst er ferdig, og punktskya er tilgjengeleg i forvaltingsløysinga høydedata.no. Prosjektnamnet på høydedata.no er NDH Otrøya 10pkt 2022.

Romsdal 2022
Geovekstprosjektet omfattar område i kommunane Aukra, Hustadvika, Molde, Rauma og Vestnes.
Flyfotografering, produksjon av ortofoto og ajourføring av FKB-data inngår i prosjektet. Oppdraget er tildelt Hexagon.
Førebels ortofoto er no å finne på innsynsløysinga Norge i bilder:
Klikk for å sjå heile kartutsnittet

Historiske ortofoto
Ønske om ny runde med historiske ortofoto kjem frå fylkesgeodatautvalet i Møre og Romsdal. Til saman er det over 8 600 flyfoto fordelt på 75 flyoppgåver (flyoppdrag) frå tidsperioden 1957-1994.
Kartverket har skanna desse flybileta, og oppdraget med å produsere ortofoto er sett vekk til eit kartleggingsfirma. Dette oppdraget er tildelt Blom Norway AS. Firma skal levere ferdigproduserte flyoppgåver til fylkeskartkontoret for kontroll og publisering på norgeibilder.no. Prosjektet skal vere ferdig frå leverandør i juni 2023.
Klikk for å sjå heile kartutsnittet

The mail has been sent!