Eit stadnamn fortel oss kva eit større eller mindre geografisk område heiter, og har derfor ein lokaliserings- og adressefunksjon. Namn på vegar (adressenamn), andre menneskeskapte formasjonar, administrative område, gardar, bruk, bygningar og naturlokalitetar er per definisjon alle stadnamn.

Definert i lov om stadnamn

Lov om stadnamn definerer stadnamn som ”namn på terrengformasjonar som fjell og vatn, kulturformasjonar som gardsområde, gardsbruk, vegar og bruer, administrative område som kommunar og sokn, reinbeitedistrikt, institusjonar og adresser".

Stadnamna har fleire funksjonar i samfunnet, både som adresser og kulturberarar. Dei hjelper oss til å orientere oss i omgjevnadene. Stadnamna er over alt – utan dei veit du ikkje kvar du er! Vi nyttar stadnamna når vi skal fortelje andre kvar vi er eller bur, kvar vi skal eller har vore. Stadnamna er også immaterielle kulturminne som kastar lys over liv og virke i tidlegare tider.

Kulturminne og lokalhistorisk kjelde

Stadnamna er ei verdfull lokalhistorisk kjelde og kan gje interessante opplysningar om kulturen vår, blant anna om språket, busetnad, arbeidsliv og gudedyrking. Kulturminneaspektet er derfor nedfelt i formålsparagrafen til  stadnamnlova.

Styresmaktene  ynskjer å ta vare på denne stadnamnarva. Det kan ein mellom anna gjere ved å gje namna ein formålstenleg skrivemåte og ved å nytte dei nedervde stadnamna i offentleg adressering. Stadnamnarva kan også danne grunnlag for kultur- og busetnadshistorisk gransking.