Kommune- og fylkestingsvalet 2019 er måndag 9. september. Kommunestyret kan også vedta om kommunen skal ha val søndag 8. september.

Vallova

Folkeregisteret (DSF) er ansvarleg for valmanntalet, og hentar adressedata via matrikkelens API. Frist for endring av valkrinsar er seinast 31. mars i valåret jf. vallova § 9-3, første ledd:

Ǥ 9-3 Tid og sted for stemmegivningen. Organisering
Kommunestyret, eller valgstyret etter delegering, avgjør hvor mange stemmekretser kommunen skal deles inn i. Sentral matrikkelmyndighet skal orienteres om endringer i stemmekretsinndelingen innen 31. mars i valgåret.»

Endringar i valkrinsar i matrikkelen

For kommunar som er involverte i kommunereforma anten ved grensejustering eller samanslåing har Kartverket sendt ut varsel om føring, og fullført føringa av unike valkrinsnummer i matrikkelen. Dei aktuelle kommunane har fått informasjon om dette. Dersom det er ønskjeleg å gjere endringar i dei tildelte valkrinsnummera, eller andre endringar i valkrinsane er det høve til det. Det må i så fall handterast på vanleg måte: Kommunen sender vedtak om endring av valkrinsar til post@kartverket.no. Vi ønskjer at kommunen skal ta utgangspunkt i valkrinsfilene som er lesne inn i matrikkelen frå før. Kartverket sender SOSI-fil til kommunen etter førespurnad.

Dersom det er små endringar, t.d. samanslåing av to valkrinsar, er det nok at Kartverket får ei klar og tydeleg melding om kva endringa går ut på, dvs. kva som er endra og kva det har blitt endra til. Det er også viktig at vi får informasjon om både namn og nummer på dei aktuelle valkrinsane.

Når valkrinsfila er klar til innlesing i matrikkelen, vil kommunen få melding frå Kartverket med dato for innlesing, og instruks om at dei må oppdatere registerdelen i matrikkelen som det første som skal gjerast dagen etter at krinsane er lesne inn. (Sjå punkt 5.2.2 Oppdatering av kretsopplysninger i registeret i føringsinstruksen.)

Kartverket vil frå nyttår oppdatere matrikkelen anna kvar veke fram til dei siste valkrinsane er vedtekne innan 31. mars.

SOSI-filer med valkrinsar blir publiserte på Geonorge 30. april.