-Vi har akkurat blitt ferdige med milepæl tre i prosjektet, som er å gjere ferdig grensesnittet i «e-tinglysingsmotoren» der brukarane skal kunne sende inn rettsstiftingane automatisk. Vi har opna eit miljø for testing med dokumentasjon, seier prosjektleiar Jan Olav Knutsen.

Fagsystem for saksbehandling

-Vi er no godt i gang med milepæl fire. Alle uavklarte problemstillingar rundt brukarhistorier og andre kravformuleringar skal vere landa no i november. Prosjektet vil fokusere på å lage eit fagsystem for saksbehandling for resten av rettsstiftingane, slik at det skal bli mogleg å fase ut dagens fagsystem som heiter Regina, seier Knutsen.

Testavtaler

Dei åtte rettsstiftingane er heimelsovergang fast eigedom, heimelsovergang burettslagsandel, heimelsovergang festeavtaler, pantedokument, uråderett og tilhøyrande slettingar. Dei to siste er for Kartverket sine offentlege samarbeidspartnarar Konkursregisteret og SIAN (administrert av Statens Innkrevingssentral) som kan sende inn merknad på person og utleggsforretningar. -Alle som ynskjer å vere med å teste må gjere ei avtale med formidlingstenesta til Kartverket, slik at dei kan kome i gang med testing tidleg. Vi oppmodar fleire til å vere med, seier Knutsen.

Riggar støtteapparat

I januar er systemet ope for full testing, og Kartverket lagar eit støtteapparat for alle eksterne førespurnader. På same tid skal Kartverket gjere ei intern testing av fagsystemet, som skal gå parallelt med utviklinga av systemet i milepæl fem. -Målet vårt er å fryse programvareutviklinga for versjon 1.0 til 1. april 2016. Då skal ein aktiv piloteringsfase starte. Her vil det bli fokusert på dobbelinnsending og dobbeltregistrering slik at resultata kan samanliknast mellom ny og gamal løysing både internt og eksternt, seier Knutsen.

Han forklarer dette med at elektronisk skal brukaren sende det samme inn i dagens pilot som han sender inn til ny løsning. -Dobbeltregistrering går på at våre saksbehandlarar skal registrere same dokumentet i Regina og nytt fagsystem. På den måten kan vi sammenligne resultata i dei to systema, seier Knutsen.

Brukargrensesnitt mot andre

Kartverket skal også lage nødvendige grensesnitt mot folkeregisteret, einingsregisteret og matrikkelen, slik at desse valideringane skal kunne gjerast før dei blir registrerte i grunnboka. Prosjektleiaren seier at Kartverket også jobbar mot Altinn, slik at prosjektet nyttar same løysingskonsept som i lausøyre-registeret.