– Ein merkedag, seier kartverkssjef Anne Cathrine Frøstrup, som er jublande glad for at finansieringa av e-tinglysingsprosjektet no kan vere på plass.

Det er kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner som i Aftenposten i dag fortel at regjeringa i sitt statsbudsjett-framlegg vil gå inn for å løyve 24 millionar kroner slik at Kartverket kan utvikle ei elektronisk løysing for tinglysing. Bankar og meklarar skal kunne ta i bruk e-tinglysing frå midten av 2015, og frå 2016 skal dei fleste tinglysingssakene kunne gjerast elektronisk.

- Dette er ei stor tillitserklæring til oss, sier Anne Cathrine Frøstrup, og poengterer at framlegget til regjeringa også inneber ei stor satsing på kompetansearbeidsplassar på Ringerike, der Kartverket har hovudkontor.

Det viktigaste ved framlegget er imidlertid at folk flest no vil få oppleve ei betre teneste, understrekar ho.

- Dette er ei løysing vi utviklar i samråd med brukarane, og resultatet av at vi no får e-tinglysing er at tinglysing blir enklare og vil ta kortare tid, oppsummerer ho.