Med prosjektet "Visualisering av havnivå" skal vi kombinere detaljerte høgde- og djupnedata med tal for stormflo og framskriving av havnivå for å lage eit planleggingsverkty. Anna stadbunden informasjon kan òg inngå her, og prosjektet vil i tillegg gjere analyser av GPS- og InSAR-data for å finne lokale tal for havnivåendring.

Prosjektet har planlagt oppstart hausten 2016.