Må kjenne til samanhengen

Ulike referansenivå for sjø og land gjer det i dag utfordrande å sette saman djupne- og høgdedata i ein terrengmodell, då samanhengen mellom nullnivå til sjøs (sjøkartnull) og nullnivå på land (NN2000) berre er kjent i enkelte punkt langs kysten. For at vi skal kunne gjere utrekningar, planlegga og forvalta kystsona, må vi vite korleis desse nullnivåa ligg i forhold til kvarandre over større områder.

Difor gjennomføres prosjektet "Felles referanseramme for sjø og land" som gjennom vasstandsmåling, tyngdemåling og måling med GPS skal etablere ein modell for denne samanhengen for heile Søre Sunnmøre-området.

Satsingane i Søre Sunnmøre vil mellom anna bidra til:

  • meir effektiv kartlegging av sjø- og kystområda
  • innsparing for prosjekt i kystområda
  • eit betre grunnlag for forvalting og planlegging i kystområda
  • utvikling av metodar for å utvide dette til andre delar av kysten