Tenesta er gratis og inneheld kart, seglingsskildringar, opplysningar om farvatnet, hamner, anløpsstader, ankerplassar, distansetabellar, bunkers og verksted m.m. Viktig informasjon om ver, vind og tidvasstraumar er også å finne. «Den norske los» er eit supplement til sjøkartet og gjev informasjon utover det sjøkartet gjev.

I den digitale utgåva av «Den norske los» er alt innhald georeferert (stadfesta ved koordinatar i eit kjend geodestisk referansesystem). Du kan få oppslag ved å navigere i kartet eller ved å bruke andre verktøy i løysinga. Du kan óg lage di eiga seglingsrute og lagre ho til din neste seglas.

Vil du teste?

Vi håper du har lyst til å teste den førebelse digitale utgåva av «Den norske los» og gje oss ei tilbakemelding: https://dnltest.kartverket.no. OBS! Du må bruke nettlesaren Chrome.

Vi anbefaler at du prøvar å lage di eiga seglingsrute.

Ris og ros kan sendast på e-post til kundesenter@kartverket.no – merk e-posten med «Digital Den norske los». Er det noko som er ekstra vanskeleg, noko du ikkje forstår eller får til – eller noko du er spesielt nøgd med?

Det kan mangle informasjon om ankerplassar, bunkringsstasjonar og seglingsskildringar i enkelte hamner. Og sjølv om tenesta er tilgjengeleg på engelsk, så manglar førebels engelsk omsett innhald.

Opprett ein brukar

Viss du vil lagre seglingsruter du lagar, samt lagre dine favorittar, må du opprette ein brukar på tenesta.

Lovfesta nautisk publikasjon

For registreringspliktige skip er det lovfesta at «Den norske los» skal vere om bord, men mindre fartøy kan også ha stor nytte av farvatnskildringane.

Som Noregs sjøkartmyndigheit er Kartverket ansvarleg for å utgje og oppdatere «Den norske los». Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som Kartverket er underlagt, har vedteke at dei nautiske publikasjonane vi utgjev skal vere gratis tilgjengeleg.

Inntil den nye digitale versjonen av «Den norske los» er klar har pdf-utgåver av dei åtte bøkene i serien vore tilgjengeleg for gratis nedlasting på kartverket.no.

BOKSERIE: «Den norske los» består i dag av åtte bøker. Fyrste bok i serien gjev generelle opplysningar av verdi for sjøfarande og brukast som eit supplement til dei andre sju binda, som til saman gjev ei farvatnskildring av norskekysten med Svalbard. Foto: Morten Brun