Kartverket har satsa tungt på stadnamn det siste året. Bunken med ubehandla stadnamnsaker er kraftig redusert.
Bunken med eldre stadnamnsaker er redusert med 43 prosent sidan årsskiftet. Målet for heile året var å redusere etterslepet med 25 prosent.
Samstundes har Kartverket så langt i år fått rundt 1500 nye førespurnader og stadnamnsaker på bordet. 92 prosent av dei er behandla.
343 ubehandla saker
Fem regionalt namneansvarlege jobbar dagleg med stadnamn i Kartverket. I tillegg sit det sentralt i etaten ein fagansvarleg for stadnamn og saksbehandlarar som hjelper til i namnearbeidet. Det siste året har alle gjort ein stor innsats med å få unna saker frå før 2018: Frå 604 ubehandla saker i januar er det nå om lag 343 att.
I tillegg er det rydda opp i meir enn 5000 ulike konfliktar i sentralt stadnamnregister. Dette er med og sikrar kvaliteten på dataa og blir synleg mellom anna på norgeskart.no.
Skrivemåte og namn i kart
Kartverket er den styresmakta i Noreg som fastset korleis eit stadnamn skal skrivast. Førespurnadene til Kartverket gjeld stort sett å få fastsett skrivemåten av eit stadnamn. Men plasseringa av namn i kartet er også eit vanleg tema.
Behovet for å fastsetje skrivemåten av stadnamn melder seg ofte i samband med at det blir innført vegadresser i kommunane. Kartverket hjelper kommunane i dette arbeidet.Det er no ei dekning på 93 prosent vegadresser i Noreg.
Også kommune- og regionreformen fører til at det er behov for omadressering og nye vegnamn.
Les meir