Treng du hjelp til å fylle ut tinglysing og eigedom, har du spørsmål om kart, eller skal du ha tak i ein bestemt person i Kartverket? Telefonnummeret 32 11 80 00 går til både kundesenteret og sentralbordet, og blir den nye «hovudinngangen» til Kartverket.

Kartverkets telefonnummer har dei siste åra vore 08700, og dette nummeret vil vere i funksjon ei stund til. Men frå 1. februar vil innringarar bli sette over til ein telefonsvarar som opplyser om det nye nummeret, som altså er 32 11 80 00.

Grunnen til at 08700 no blir fasa ut, er at det kostar meir å ringe til eit slikt 5-sifra telefonnummer enn til vanlege, 8-sifra nummer.

Meir kontaktinfo til Kartverket