– Vi lanserer no eit digitalt verktøy som gjer at kommunane og næringslivet enklare kan planlegge for klimaendringane – og vere betre førebudd på konsekvensane av havnivåstiging og ekstrem vasstand, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.
75 prosent av Noregs befolkning bur langs kysten, og rundt 280 kommunar har ei kystlinje. Sårbarheit for stormflod forventast å auke langs norskekysten i framtida som følgje av havnivåstiging. No blir alt visualisert i kart.
– Det digitale verktøyet kan brukast til å identifisere risikoområde og skal gjere planlegging i kystsonen enklare. Det vil dekkje behovet for eit felles verktøy som visar heile norskekysten og er spesielt viktig for kommunar, mindre verksemder og privatpersonar som ikkje har ressursar til å gjere eigne analysar. Verktøyet er eit viktig klimatiltak som kan gje store samfunnsøkonomiske innsparingar, seier Mæland.
Havnivåstiginga langs norskekysten kan føre til at stormflod og bølgjer strekk seg lenger inn på land enn det som er tilfelle i dag, slik at område som ligg lågt og nær havet blir meir utsett i framtida. Dette får konsekvensar for bygningar og anna infrastruktur, og landskap og natur nær vasskanten. Sårbarheita som følgje av høgare vasstand er størst i samband med episodar med kraftig stormflod. Stormflod oppstår når kombinasjonen av lågtrykk og vind pressar store vassmassar inn mot land.
Det er Kartverket som har utvikla løysinga som gjer det mogleg å visualisere konsekvensar av stormflod og havnivåendringar i kartet. Løysinga har fått namnet Se havnivå i kart.
– For fyrste gong blir det gjeve nøyaktige estimat på kor utsett bygningar og infrastruktur langs norskekysten er, for havnivåstiging og stormflod. Dette verktøyet vil vere nyttig for alle som driv med berekraftig kystsoneplanlegging, seier kartverkssjef Anne Cathrine Frøstrup.
Berre halvparten av kommunane har kartlagt sårbarheit for stormflod i framtida. Tiltaket kan gje store samfunnsøkonomiske innsparingar.
Se havnivå i kart

TVERRFAGLEG: PhD og forskar Kristian Breili frå geodesidivisjonen og matematikar Oda Roaldsdotter Ravndal frå sjødivisjonen i Kartverket, har begge vore med å utvikle Se havnivå i kart. Foto: Synne Storvik
Kontaktpersonar:
Oda Roaldsdotter Ravndal
Matematikar i Kartverkets sjødivisjon
Telefon: 51 85 88 53
E-post: oda.ravndal@kartverket.no
Kristian Breili
PhD og forskar i Kartverkets geodesidivisjon
Telefon: 32 11 82 11/95 85 68 07
E-post: kristian.breili@kartverket.no
Bilete
Foto kan lastast ned frå Kartverkets Flickr-side.
Les meir:
Bruk av Se havnivå i kart
Se havnivå gjev informasjon om observert og varsla vasstand, tidvatn (flo og fjære), landheving og framtidig havnivå ved å søkje på ein stad eller posisjon.
Fagartiklar om vasstand og havnivå
Fakta om Kartverkets kartlegging av klimaendringar:
Kartverket bidreg til fundamentet for å kartlegge klimaendringar og konsekvensane av desse, m.a. ved å:
Drifte det nasjonale observasjonssystemet for havnivå og vasstand.
Etablere ein nasjonal detaljert høgdemodell.
Berekne tidvatn og ekstremverdiar for stormflod for heile kysten.
Analysar av havnivåendring.
Gjere data tilgjengeleg for planleggarar og andre.
Visualisere auka havnivå og vasstand i kartet.
Rådgje og rettleie i bruk av Kartverkets data.