Kart kan vere både ei fin og nyttig gåve. Du kan også supplere gåva med anna turutstyr, som kompass, turkopp, termos eller noko anna personleg.

Gratis turkart

Slik gjer du det:

  • Opne norgeskart.no, zoom inn og sett markøren i senter der du vil ha turkart.
  • Trykk «Lag turkart» i menyen som kjem fram til venstre og du får opp eit ruteark som viser området for utskrift.
  • Start nedlastinga via «Lag turkart»-knappen.
  • Etter nokre sekund er kartet klart til å lastast ned som PDF via knappen «Last ned kart».

Du får et heilt gratis karthefte på 12 A4-ark med utforming og detaljrikdom som samsvarer med Kartverkets kjende kartserie «Norge 1:50 000». Du kan velje mellom målestokk 1:25 000 og 1:50 000. Lag til dømes nytt og oppdatert karthefte for hytta, for favoritt-turområdet – eller kva med å invitere med deg sjølv på ein fottur i gåve!

Er du tidleg ute, kan du få trykt karta på vatn- og rivesikker Tyvek (ekstern lenke til Wikipedia). Du kan anten kjøpe Tyvek til din eigen skrivar, eller du kan gjere det hos eit av trykkeria som samarbeider med Kartverket for å få kartet i stort format.

Gi eit historisk kart

På kartverket.no kan du gratis laste ned historiske kart frå store delar av Noreg. Dette kan bli eit dekorativt innslag på hytteveggen eller heime.

Kartverket har cirka 10 000 historiske landkart i ulike målestokkar, frå så langt tilbake som 1700-talet. Her finn du dei første teikningane av landet, kart som vart brukt under Napoleonskrigane, og bykart frå den tida då hovudstaden vår heitte Kristiania.

Finn eit kart frå eit område den som skal få gåva er knytta til, ta utskrift, sett det i ei ramme, og presangen er klar! Vil du legge ekstra flid i gåva, kan du få fotobutikken din til å skrive ut kartet på fotopapir eller lerret. 

Gi ei elektronisk oppdatering

Er du fattig student? Då kan ei rimeleg gåve vere å hjelpe foreldra dine med teknisk oppdatering på elektroniske duppedittar:

Er dei båtfolk? Då kan du sjekke om kartplottaren deira er oppdatert med dei nyaste karta frå kartleverandøren. I fjor fann Kartverket 877 nye grunnar. Vi oppdaterer kartgrunnlaget heile tida, altså det som kartleverandørane bruker for å lage sjøkarta dine. Merk at nokre leverandørar av kartplottarar tek betalt for oppdateringar.

Svergar dei gamle sjøulkane til papirkart? Då kan du laste ned oppdateringar og viktige rettingar frå Etterretninger for sjøfarende og plotte inn på sjøkarta, medan de har kvalitetstid saman, drikk kaffe og mimrar om båtturane i barndommen. Så kan du vere sikker på at foreldra dine seglar trygt neste gong.

Er dei fjellfolk? På moderne smarttelefonar kan du legge inn Kartverket sin serie Norge 1:50.000, og bruke ein app for å få GPSen på telefonen til å vise kor du er på kartet. Då veit du at dei ikkje går seg vill heim frå moltemyra eller toppturen.

Sett farge på heimstaden din

Fargeleggingsbøker med detaljerte mønster er populært. Også kart har flotte, detaljerte mønster som eignar seg særs godt til dette. Via nettsida vår kan du lage eit fargeleggingskart frå kor som helst i landet.

Ta utskrift av kartet – fargelegg og gi bort! Eller du kan lage eit lite hefte med fargeleggingskart frå heile landet til den ivrige fargeleggaren i familien.

Gi nødplakat

Når nøda er størst, er det viktigst at hjelpa finn raskt fram på nærmaste veg: Ein nødplakat på hytta gjer det enklare for nødetatane å finne fram når ein treng rask hjelp.

På Kartverket.no kan du lage nødplakat for alle hus og hytter i heile Noreg, med koordinatar, stadnamn og kartutsnitt. Skriv ut, ram inn - og du har ein personleg gåve som kan redde liv.

Historia om Kartverket

Kartverket si historie startar som Norges Grændsers Opmaaling, held fram med Norges geografiske oppmåling og Statens kartverk. No er historia samla mellom to permar i historieverket «Med kart skal landet bygges».

Det er også forteljinga om kartlegginga av landet vårt og om eit fagfelt i rivande utvikling. Boka kostar 300 kroner og kan tingast via Norsk kartmuseum.

Gåve til Kartverket

Neida, vi skal ikkje tigge til oss ei kostbar gåve. Men vi i Kartverket ønsker gjerne litt «nissehjelp» frå alle som ferdast der ute: Hjelp oss å halde kartet oppdatert ved å melde frå om manglar i karta våre gjennom tenesta Rett i kartet.