Framlegget blir grunngitt mellom anna med at Kartverket allereie utfører arbeidsoppgåver og har stor kompetanse innafor fagfelta geodata og eigedomsfag. Kartverket driftar det nasjonale eigedomsregisteret, matrikkelen, fører tilsyn med matrikkelføringa i kommunane og har brei kontakt ut mot kommunane.

Framlegget blei send ut på høyring i byrjinga av august.

Kartverkssjef Anne Cathrine Frøstrup er nøgd med at departementet peikar på Kartverket og tar gjerne ansvar for autorisasjonsordninga.

- Dette er ei tillitserklæring til oss. Det viser at departementet set pris på jobben vi allereie gjer på eigedomsområdet og at dei verdset den kompetansen vi har.

Det var i fjor Stortinget vedtok ei autorisasjonsordning for landmålarar som måler opp eigedomar. Ordningen skal bidra til eit kompetanseløft og sikre kvaliteten i oppmålingsarbeidet og heve kvaliteten i matrikkelen.

Rundt 900 personar arbeider i dag med eigedomslandmåling i kommunane og annan offentleg og privat verksemd. Alle desse vil bli omfatta av ordninga og må skaffe seg landmålarbrev for å kunne gjere oppmålingsforretningar. For å få det, må landmålaren ha godkjend utdanning, oppfylle krav til relevant praksis og bestå ein autorisasjonsprøve.

Departementet foreslår at autorisasjonsordninga blir gjeldande fullt ut frå 2023. Det vil vere ei overgangsordning for dei som allereie er landmålarar ute i kommunane.

Sjå heile høyringsframlegget her (KMDs nettside)