Det er stortingsmeldinga «Kommunereformen – nye oppgaver til større kommuner» (pdf) som ligg til grunn for den nye stadnamnlova. Innstillinga fremma auka kommunalt sjølvstyre knytt til å fastsette skrivemåten og namn innafor adresse- og skiltprosjekt. Vidare er målet med ny lov å følgje opp det som står om vern og bruk av samiske stadnamn i utreiinga «Hjertespråket – forslag til lovverk, tiltak og ordningar for samiske språk» (pdf).

Hovudinnhaldet i ny lov:

  • Det blir opna for noko større variasjon i skrivemåten av eit stadnamn.
  • Reglane om namnevern vidareførast. Det blir likevel mogleg å byte ut eitt verneverdig namn med eit anna verneverdig namn utan tradisjon på staden så lenge ein kan dokumentere endringar i lokal namnebruk over tid.
  • Kartverket skal no vedta skrivemåten av namn på reinbeitedistrikt.
  • Kommunane får lovfesta rett til å velje kva for stadnamn som skal fastsetjast på eit namneobjekt som kommunen sjølv vedtek skrivemåten av.
  • Språkrådet skal bli meir synleg som rådgivande instans for norske og kvenske namn etter stadnamnlova.
  • Fylkesmannen skal handsame klage på manglande bruk eller feilbruk av stadnamn i kommunane.

Konsekvens for Kartverket

Forvaltningsansvarleg for stadnamn i Kartverket, Anne Svanevik, meiner at lovendringa ikkje vil få store konsekvensar for Kartverket:

– Men det at unntaksregelen no er flytta frå forskrift til lov, kan føre til at arbeidsmengda aukar fordi gamle saker kan bli tatt opp på nytt, seier ho. Ho trur også det kan bli fleire klagesakar.

Unntaksregelen som no er lovfesta, seier at «Har skrivemåten vore lenge i bruk, og er vel kjend og innarbeidd, kan ein fråvike gjeldande rettskrivingsprinsipp». Å framheve denne regelen er eit signal om at regelen skal vurderast oftare enn før, slik det står i merknadane til lovforslaget (s. 40).

– Kommunane kjenner godt til unntaksregelen og har forventingar knytt til den. I saker der det blir vurdert å bruke regelen, skal både uttalen, innarbeidd skrifttradisjon, meiningsinnhald og lokale synsmåtar takast med i vurderinga. Dette er moment som dei regionalt namneansvarlege i Kartverket allereie tek med i vurderinga si om skrivemåten av eit stadnamn, seier Anne Svanevik.

Kartverket vedtek skrivemåten av gardsnamn, bruksnamn, seternamn, naturnamn, namn på reinbeitedistrikt og namn på statlege anlegg.

Les meir om stadnamn.