Dette gjeld alle fakturaer frå norske selskap. I alle nye tilbod, avtalar og kontraktar er det krav om at faktura blir levert elektronisk i EHF-format.

Kartverkets EHF-fakturaadresse er 9908:971040238.

EHF via økonomisystem eller banken

Leverandørane kan velje å sende elektronisk faktura (EHF) gjennom banken sin dersom dei ikkje har høve til det gjennom sitt eige økonomisystem.

Dei kan også gjere avtalar med en web-fakturaportal.

Rimelegare løysing

Elektronisk faktura sparer både leverandørar og Kartverket for mykje arbeid. Ei slik løysing reduserer behandlingstida ved fakturamottak, og risikoen for betaling etter forfall vil bli mindre.

Ver merksam på dette

Dette er det spesielt viktig å vere merksam på når du sender elektronisk faktura til Kartverket:

  • Du må oppgi Kartverkets organisasjonsnummer 971 040 238 for at fakturaen/kreditnotaen skal kome fram til aksesspunktet vårt.
  • Den i Kartverk som som bestiller ei vare eller teneste av deg, skal uoppfordra oppgi gyldig ressursnummer. Men blir dette ikkje gjort, så set vi pris på om du etterlyser dette.
  • Som standard skal ressursnummeret (5 siffer) stå i dei fem første posisjonane i feltet "Deres referanse".
  • Bankkontonummer må oppgis på kreditnotaer.
  • Filen med elektroniske fakturaer må testast godt før det blir send store menger faktura til Kartverket. Følg tilrådingane til Difi (sjå lenke nedanfor). Første gang faktura blir sendt elektronisk, må det berre sendast éin faktura for å teste om dei kundespesifikke felta inneheld data med korrekt format/innhald.

Unntak

Det kan gjerast unntak frå kravet om EHF-faktura dersom Kartverket allereie har inngått avtalar med leverandørar der EHF ikkje er inkludert som fakturaformat.

Unntak kan også vere i tilfelle som vil skape vesentleg ulempe for Kartverket, eller der det er praktisk umogleg for leverandør å legge om til EHF.

Les meir