Plan- og temautvalet i Møre og Romsdal markerte årets GIS-dag saman med geofagelevar og lærarar ved Atlanten vidaregåande skule i Kristiansund og Molde vidaregåande skule.

TSUNAMI: Korleis vil Molde sentrum merke flodbølgja etter eit hypotetisk fjellskred? (Skjermdump frå GIS-dagen.)

Klimaendringar

Tema på GIS-dagen i Kristiansund var "Klimaendringar og smarte byar", mens tema i Molde var "Klimaendringar og skredfare". Som innleiing fekk elevane ein gjennomgang av kva GIS/geodata er og kva utdannings- og yrkesmoglegheiter som finst innan fagfeltet. Som døme på praktisk bruk av faget og temaet fekk vi deretter fleire spennande innlegg frå eksterne foredragshaldarar:

  • Klimautfordringar framover i fylket ved Fylkesmannen i Møre og Romsdal
  • Smarte byar ved Norkart i Trondheim
  • Skred og skredkartlegging ved Molde kommune
  • GIS i kvardagen ved Geodata i Trondheim

Kartlegging i felt

Etter lunsj vart elevane sendt ut i puljar for å kartlegge: I Kristiansund til matvarebutikkane for å utforske opphav og reiseveg for maten vi et, i Molde for å finne bygningar som vil bli tatt av ein tsunami utløyst frå eit stort fjellskred i nærleiken. Kartlegginga skjedde ved hjelp av ein applikasjon på elevane sine eigne mobiltelefonar. Elevane gjennomførte oppgåvene med stort engasjement. På skulen kunne lærerane følgje med på elevane sin innsats via «operation desktop». Dagen vart avslutta med ein gjennomgang av kartlegginga og oppsummering av feltarbeidet: klimaavtrykk av ulike matvarer i Kristiansund og problematikken med varsling og evakuering ved skredhendingar i Molde.

LANGREIST: Kvar kjem maten din frå? (Skjermdump frå GIS-dagen.)