Den første offisielle kartlegginga i Noreg tok til med enkle midlar i 1773. Frå 1779 starta ein å etablere eit landsomfattende koordinatsystem som skulle ligge til grunn for kartlegginga. Til dette gjorde landmålarane ei systematisk triangulering med teodolitt, ein metode som vart nytta heilt fram til satellitt-teknologien tok over på 1990-talet.

Kartverket har heilt sidan starten tatt vare på instrument og utstyr. Det gjer at Kartmuseet i dag kan vise ei eineståande samling gjenstandar. Bortsett frå i Tyskland finst det knapt tilsvarande museum i Europa.

Norsk kartmuseum inneheld meir enn 280 historiske gjenstandar, 230 fotografi/ bilete/ figurar og sjølvsagt mange gamle kart.

Det vart offisielt opna av kong Harald i 1998.

Opningstider og omvising

Kartmuseet er ope med omvising for publikum etter avtale. Omvising kan bestillast både på norsk og engelsk og er gratis innafor vanleg arbeidstid. Ved behov kan ein også få omvising utanom vanleg arbeidstid og i helger mot ein avtalt sum.

For å bestille omvising, ring Kartverket på telefon 08700.

Besøksadresse

Norsk kartmuseum held til i Kartverkets hovudkontor med besøksadresse Kartverksveien 21, Hønefoss.

Norsk kartmuseum held til i Kartverkets lokale på Hønefoss.

Norsk Kartmuseums Venneforening

Norsk kartmuseum blir drive av Kartverket i samarbeid med Norsk Kartmuseums Venneforening.

Føremålet til foreininga er å ta vare på dokument og gjenstandar som representerer historia og utviklinga til Kartverket, kartfaga og geodesien. Foreininga skal også bidra til informasjon om Kartverket og utviklinga innan kartrelaterte fagområde.

Digitalt museum

Bilete av gjenstandane i kartmuseet og store delar av Kartverkets historiske fotosamling er også tilgjengeleg på nett i den nasjonale nettportalen for museum, Digitalt museum.

Historia om Kartverket

Kartverket si historie er samla mellom to permar i historieverket «Med kart skal landet bygges». Boka fortel om kart, og om korleis kart har vore eit strategisk og militært verkemiddel.

Dette er eit "must" for alle som er interesserte i kart og den tekniske utviklinga frå kartfagets spede start. Boka kan mellom anna tingast gjennom Norsk kartmuseums venneforening på epost. Les meir om boka «Med kart skal landet bygges».