Sentral lagring av FKB-data i Vestland fylke

Onsdag 12. februar 2020 blei ein milepæl for Vestland fylke. Då starta Askøy kommune med direkte oppdatering i Sentral felles kartdatabase (SFKB), og alle 43 kommunar i fylket brukar no Sentral FKB. Os kommune (no Bjørnafjorden) var den første kommunen som tok i bruk Sentral FKB i Hordaland fylke. Dei starta opp i januar 2017. Den første kommunen i Sogn og Fjordane var Gulen kommune, som starta opp i juni 2017.

I Vestland fylke er det cirka 250 personar i kommunane som har tilgang til å oppdatere direkte i SFKB. I løpet av ei veke gjer alle desse brukarane mellom 1500 og 2000 endringar på datasetta (minst eitt objekt er nytt, endra eller sletta).

Kontaktinformasjon

Kontaktperson ved Kartverket Vestland er Kristian Aune: kristian.aune@kartverket.no.